JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Å syngja med den stemma ein har. Og får.

Tre operasongarar fortel om liv og læring heime og ute.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6114
20200508
6114
20200508

Sakprosa

Frode Olsen, Trond Olav Svendsen, Ragnar Ulfung, Knut Skram, Terje Stensvold:

Operasamtaler

Solum Bokvennen 2019

Eg og mange andre hadde gledd oss til å gå i Den Norske Opera no i mai for å oppleva Meistersongarane i Nürnberg, Wagners opera om songarar. Men, som vi veit, slik skulle det ikkje bli. Ei erstatning kunne vore ei digital framføring av L’incoronazione di Poppea av Monteverdi. Men vi er leie av «incoronering», og når det gjeld opera, er det ingenting som slår den analoge røyndomen til ei ekte framføring. Så i staden for å høyra operaen om tyske meistersongarar kan operaelskarar, medan dei ventar, heller lesa seg opp på norske meistersongarar. Denne boka kom rett nok ut i fjor, men dei som ikkje fekk tak i henne då, skulle no ha god tid til å lesa henne. Dei vil ikkje angra.

Boka presenterer tre norske operasongarar som har ein stor karriere bak seg, ikkje minst internasjonalt. Dette blir gjort gjennom samtalande intervju, utført av ein sakprosaforfattar og av ein fjerde meistersongar, ein som særleg veit kva han skal spørja om. Dei tre er tenoren Ragnar Ulfung (93 år), barytonen Knut Skram (82 år) og (bass)barytonen Terje Stensvold (76 år). Sakprosaforfattaren er Trond Olav Svendsen (64 år), som har skrive ein biografi om Kirsten Flagstad, medan den intervjuande meistersongaren er bassen Frode Olsen (68 år).

Meir enn pensum

Dette er ikkje ei Se og Hør-bok som berre fortel ymist om privatlivet til kjende folk. Nei, føremålet med utspørjinga er å få fram kva som var dei rette vala, når det gjaldt roller og livsstil, til desse songarane, og kva som gjorde at karrieren kunne halda fram og utvikla seg gjennom eit langt liv. Dessutan skal intervjua henta ut dei dyrkjøpte erfaringane songarane har skaffa seg når det gjeld utvikling av songteknikk.

Difor må boka kunne fungera som pensum for unge songarar med ambisjonar. Men det er langt fleire av oss ikkje-syngande som går i operaen for å høyra andre syngja for oss, og boka er like mykje meint for oss, slik at vi kan få innblikk i kva som ligg bak det at songarar så vakkert og lett kan bruka stemma som det finaste instrument. Her lærer vi at det som høyrest lett ut, ikkje har vore lett å få til.

For det er noko spesielt med den menneskelege stemma som instrument, som kommuniserer kjensler meir direkte enn andre instrument. Ein fiolin kan ein setja frå seg, og så gjera andre ting, sjølv om ein må vera forsiktig med fingrane sine. Men songstemma kjem ut av heile kroppen og personlegdomen. (Det finst til og med ein svensk sopran som heiter Stemme.) Éin ting er stemmebanda, nådefullt tildelte av evolusjonen, som likevel kan plagast av slim og knutar og byllar. Men i boka lærer vi òg at holromma i hovudet er viktige, for ikkje å snakka om mellomgolvmuskelen og pusten. Ja, hos Ragnar Ulfung lærer vi at å knipa saman rumpeballane kan vera siste utveg for å nå opp til ein høg C.

Og så gjeld det for songaren å finna ut kva stemmeomfang ein har: Er ein tenor, baryton eller bass, eller noko imellom, og kva vil ein vera om ti år? Klarar songaren å syngja like vakkert i båe utkantane av omfanget sitt? Og korleis utvikla «ping» – at stemma vert som ein laserstråle som går gjennom orkesteret, noko Birgit Nilsson var ein meister i. Så er det disponeringa av stemma over tid. Skal ein spara henne, til dømes på prøver eller i byrjinga av ei lang rolle? Er ho som ei viss mengd vin i eit glas, eller i ei sareptakrukke?

Over skyene

Den finaste historia i boka er om Terje Stensvolds store aha-oppleving. Inntil då hadde han halde attende på stemmebruken. Men då han var over 50 år og skulle syngja Scarpia i Tosca, kjende han at han berre måtte trø til: «Jeg fant ut at å synge videre ikke var noe farlig. Dette ble en vending for meg. Jeg satte meg til nedi kjellerstua hjemme. Tok litt fri. Tenkte at nå skal jeg synge mye mere enn jeg har gjort før. Jeg sang stoff som jeg alltid har gjort. Satte på båndopptageren og hørte på meg sjøl. Kom det slim drakk jeg te, spytta og sang videre. Det hjelper å drikke vann, ikke sant. Du drikker, du spytter og du får det vekk. Plutselig er det som når du kommer over skyene med fly.»

Dette gjennombrotet var viktig for fleire enn Stensvold. For det gjorde at han fekk ei ny stor stemme som har gjeve han ein internasjonal karriere, særleg i rolla som Wotan i Rhingullet og Valkyrien. Eg har sjølv opplevd han i Helsingfors. I tillegg til stemma har han ein staseleg sceneskapnad, noko som òg har gjort at han har vorte henta inn av store dirigentar, til dømes Daniel Barenboim i Berlin.

Intervjua gjev ein kronologisk gjennomgang av livshistoria til dei tre songarane. Og operasongarar som reiser rundt i verda og møter andre interessante menneske, har opplevd mykje, som vert til mange «morsomme» (adjektivet vert brukt 25 gonger) historier. Her må eg framheva intervjuet med Ragnar Ulfung, som gong på gong fekk meg til å bryta ut i ukontrollert latter. Dei tre songarane har ulik familiebakgrunn: Skram kjem frå Sunnmøre og Stensvold frå Oslo vest, medan Ulfung er ein typisk austkantgut, oppvaksen på Grønland i Oslo, med namnet Olsen (som vart endra av songlæraren hans), saftig språk (han brukar gradsadverbet «jævla» som positiv forsterkar 25 gonger) og imponerande oppdrift. Medan dei andre to ville sikra seg med utdanning (Skram vart arkitekt og Stensvold adjunkt), visste Ulfung som gut at han skulle verta ein ny Caruso. Han drog rett ut i verda og såg seg aldri attende. Han vart kongeleg hoffsongar i Sverige og har halde på til langt opp i 80-åra. Men det har ikkje gått noko dårlegare med dei to andre.

Så eigentleg er dette ei opera buffa-bok – ei komisk bok i båe tydingar: Ho er morosam, og ho har ein lukkeleg slutt. Aller lukkelegast vert vi om vi ein dag igjen kan høyra Meistersongarane i Nürnberg i Oslo. Men då, etter denne boka, med større respekt for songarane.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus i filosofi og fast bokmeldar i
Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dette er ikkje ei Se og Hør-bok som berre fortel ymist om privatlivet til kjende folk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis