Å selja ein våt draum
Rimini er forsoffen, forkasteleg og flott, som alltid med filmane til Ulrich Seidl.
Michael Thomas spelar den fallerte smørsongaren Ritchie Bravo.
Foto: Wolfgang Thaler
Drama
Regi: Ulrich Seidl
Rimini
Med: Michael Thomas, Tessa Göttlicher, Hans-Michael Rehberg
Kinofilm
Det er vinter i sommarbyen Rimini, og Richie Bravo (Thomas) tener til livets opphald ved å synga tyske svisker med italiensk vri til ein brokete gjeng stamgjester på dei mange halvtomme hotella rundt om og å tilby ein overflod av amore til utvalde gjester mot ein liten finansiell kompensasjon.
Ei rekkje familiesituasjonar, både heime i Austerrike og via besøk til Rimini, kan kanskje gje Richie ei ny retning i livet. Kanskje.
Kjærleiken
Det er ei stund sidan eg putesåg siste Ulrich Seidl-film no. Den austerrikske regissøren har ei eiga evne til å kapra klein, klam stemning på kamera og er som vanleg ikkje redd for å gå langt over streken i det som kjennest komfortabelt. Han har laga dokumentarfilmar så utrulege at dei kunne vore spelefilmar, som siste eg såg, Im Keller (2014), og – ikkje minst – spelefilmar så truverdige at du skjønar at det kunne vore dokumentar.
Trilogien Paradis med undertitlane Tro, Håp og Kjærlighet (2012–13) handlar om eit desperat søk etter desse tre store pilarane i livet, og med Rimini føler eg at han fortset i sporet etter Kjærlighet. Det finst ein marknad der ute for eldre kvinner som slettes ikkje er seksuelt ferdige, og der sex helst skal vera meir enn berre sex, om enn uforpliktande. Introduser: pose-og-sekk-forføraren Richie Bravo.
Appellen
Heime i Austerrike ligg faren (Rehberg) på det siste, mora har akkurat døydd. Då dottera Tessa (Göttlicher) dukkar opp i Rimini, kunne timinga vore både betre og verre. For Richie Bravo er det uansett hand til munn, frå år til år. Kjensla av eit hamstertilvære blir forsterka av effektar som korsett for å halda inn magen slik at kleda skal passa kanskje tiår etter at dei vart laga.
Dette har han drive med – lenge. Ein anar at karrieren ligg bak han, om han i det heile hadde nokon stor karriere. Produksjonane på CD-ane han har som bakgrunn for liveframføringane, vitnar om avgrensa stil om ikkje heilt mangel på vokaltalent. Ein anar at det likevel er sjarmen og sexappellen han har flote på i alle desse åra, noko som fungerer passeleg bra på dottera.
Bravo
Ulrich Seidl har relativt fortent fått merkelappen «kontroversiell», og oppfølgjaren til Rimini, Sparta, vart avlyst på filmfestivalen i Toronto på grunn av ein klage på upassande oppførsel mot barn under innspelinga. Eg kjenner eg grøssar ved tanken på den filmen, særleg då Richie Bravo hintar til minne om mora som eg helst ikkje vil visualisera for sterkt, og Sparta handlar om bror til Richie.
På den andre sida og apropos visuelt, du finn ikkje sidestykke til Seidls styggvakre scenario og stramme kameraføring. Spradebassen Richie, som stegar gjennom skodda forbi flyktningar som ligg og sit på benkar langs den gråe stranda, blir sidestilt med den fallerte glamouren som stadig uteblir på turistetablissementa, på ein måte som gir assosiasjonar til ei slags glorete dommedagsforteljing, og Rimini er helvetes forgard.
Om dei mange slitne art deco-lokala finst på ekte, er dei i seg sjølv ein tur verd, om ikkje til Rimini, så i alle fall på kino. Og eg lovar, Richie Bravo tek varmt imot deg.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ulrich Seidl har relativt fortent fått merkelappen «kontroversiell».
Fleire artiklar
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?
Foto: The Right Frame Media / Shutterstock
E-tenesta ser deg
Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.