Å seie noko gjennom å seie noko anna
Dan Andersen skriv politiske dikt for ungdom.
Dan Andersen er inspirert av den politiske retorikken i samtida.
Foto: Heidi Furre
Det er ikkje så ofte det vert utgitt dikt for ungdom, og endå sjeldnare er det at dikta sirklar inn noko storpolitisk. Det gjer Vind i værhanen, og dikta fungerer for alle aldrar.
Vind i værhanen er ein allegori over den politiske tilstanden i samtida og ein openlys kritikk av den amerikanske presidenten Donald Trump. Som i Animal Farm (1945) av George Orwell, som kritiserte stalinismen, er det bondegarden med dyra og vekstane som utgjer omgivnadene. Vêrhanen som skodar ut frå det høgaste punktet på garden, er ein mektig statsleiar og fører ordet suverent i dikta. Diktboka følgjer ein dag på garden, frå tidleg morgon til kveld.
Sjølvtillit
Vêrhanen har sjølvtillit og er ikkje i tvil om eiga makt og talegåver. Han byggjer truverdet sitt opp ved å påkalle den lange erfaringsbakgrunnen og det naturlege oversynet han har. Vêrhanen har også lært eitt og anna om godt språk ved å tjuvlytte på favorittprogrammet til bondekona på radioen, Tid for poesi.
Det gjeld å styrkje fellesskapen og få undersåttane til å lystre. Noko av det viktigaste handlar om dei som vert ekskluderte, syndebukkane. Elementa som ein vil fjerne frå samfunnet, bind fellesskapen sterkare saman. «Vi må kaste det som ikke kan brukes til noe./ Men alt kan i det minste brukes til kast.»
Det er den trumpske logikken og talemåtane hans som utfaldar seg her. Det er ein munnleg stil fylt med småord, motseiingar og gjentakingar, med tause, gapande hòl i resonnementa, der tilhøyrarane kan fylle inn det som manglar – ofte det som den gjengse moralen forbyd ein å seie høgt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.