JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Å seie noko gjennom å seie noko anna

Dan Andersen skriv politiske dikt for ungdom.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dan Andersen er inspirert av den politiske retorikken i samtida.

Foto: Heidi Furre

2360
20191018
2360
20191018

DIKT

Dan Andersen:

Vind i værhanen

Flamme Forlag 2019

Det er ikkje så ofte det vert utgitt dikt for ungdom, og endå sjeldnare er det at dikta sirklar inn noko storpolitisk. Det gjer Vind i værhanen, og dikta fungerer for alle aldrar.

Vind i værhanen er ein allegori over den politiske tilstanden i samtida og ein openlys kritikk av den amerikanske presidenten Donald Trump. Som i Animal Farm (1945) av George Orwell, som kritiserte stalinismen, er det bondegarden med dyra og vekstane som utgjer omgivnadene. Vêrhanen som skodar ut frå det høgaste punktet på garden, er ein mektig statsleiar og fører ordet suverent i dikta. Diktboka følgjer ein dag på garden, frå tidleg morgon til kveld.

Sjølvtillit

Vêrhanen har sjølvtillit og er ikkje i tvil om eiga makt og talegåver. Han byggjer truverdet sitt opp ved å påkalle den lange erfaringsbakgrunnen og det naturlege oversynet han har. Vêrhanen har også lært eitt og anna om godt språk ved å tjuvlytte på favorittprogrammet til bondekona på radioen, Tid for poesi.

Det gjeld å styrkje fellesskapen og få undersåttane til å lystre. Noko av det viktigaste handlar om dei som vert ekskluderte, syndebukkane. Elementa som ein vil fjerne frå samfunnet, bind fellesskapen sterkare saman. «Vi må kaste det som ikke kan brukes til noe./ Men alt kan i det minste brukes til kast.»

Det er den trumpske logikken og talemåtane hans som utfaldar seg her. Det er ein munnleg stil fylt med småord, motseiingar og gjentakingar, med tause, gapande hòl i resonnementa, der tilhøyrarane kan fylle inn det som manglar – ofte det som den gjengse moralen forbyd ein å seie høgt.

Verde å lese

No er det ikkje sikkert vêrhanen er så medviten om eigen språkbruk. Det ligg i vêrhanens natur at han er avhengig av energi utanfrå for å røre seg. Og når han rører seg, spinn han berre rundt seg sjølv.

Dan Andersen er ein poet som i tidlegare bøker har arbeidd med det politiske feltet. Dikta i Vind i værhanen er enkle, men dei byggjer eit heilt univers, med overtydande språkleg snert. Dikta stiller tydeleg fram mekanismane i eit falskt språk som har trollbunde mange. Difor er dei verde å lese.

Sindre Ekrheim

Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dikta er enkle, men dei byggjer eit heilt univers, med overtydande språkleg snert.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis