Bok
Å lure på kva verda er
Diktboka til Jo Eggen kan ein lese i gapet mellom bortfallet av loven og folkemordet.
Jo Eggen er lyrikar og gjendiktar.
Foto: Stine Friis Hals
I diktboka med den skisseliknande, oppramsande tittelen Norden: gråbrødresteder, misslykkesdikt held Jo Eggen fram med sitt etter kvart uhyre rike reisediktforfattarskap. Reisene i desse dikta går til utvalde fransiskanarkloster i Norden, som stort sett blei bygde i laupet av 1200-talet.
Etter reformasjonen forsvann konventa eller blei ombygde til andre formål. Og gråbrørne forsvann så å seie or den nordiske soga. I eit dikt vert forsvinninga deira omtala som «ei forsvinning som sjølv forsvant».
Fredsforhandling
Tiggarmunkane eller gråbrørne, iført grå ullklede med eit belte av tau rundt livet, skulle leve i fattigdom og hadde forbod mot å eige noko. Dei vart respekterte høgt og lågt i samfunnet.
Alt i opningsdiktet vert ein mint på kong Magnus Lagabøte sitt sterke forhold til tiggarmunkane: Magnus nytta dei som fredsforhandlarar og sende dei «til skottekongen for å forhandle om fred».
I same diktet vert ein ført inn i noko som umiskjenneleg gir minningar om samtida, når ein les om «Krøkeryggensikkerstaur» og «Tryggenberg» – antakeleg omskrivingar av namna til Støre og Stoltenberg – og om militær opprusting og krigsførebuingar: «i Aisjlo sleper alle på ein ruinstein fra den ødelagte hovedstaden sin/ for å bygge festningen om til en 5 prosent festning, en Locheed/ Martin-festning».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.