Å kome fram til dagen

Dikta til Sarah Selmer er prega av klarleik og biletkraft.

Sarah Selmer har skrive fleire diktsamlingar.
Sarah Selmer har skrive fleire diktsamlingar.
Publisert

I I dødeboka av Sarah Selmer sirklar ikkje berre eg-personen kring døden til ein ho har eit nært forhold til, ho fører dialogar med den avdøde. Tittelen på Selmers femte bok refererer til den fire tusen år gamle egyptiske dødeboka, som også vert kalla «boka for å gå ut i dagen». Ein meiner at dei egyptiske gravformulara, som vart lagde i munnen på den døde, skulle følgje og hjelpe den døde gjennom underverda. Ikkje berre tittelen, men også dikta i Selmers bok går i dialog med gravtekstane frå denne fjerne fortida.

I eit dels sverjande, profetisk språk, med utprega rytmiske kvalitetar, vert òg den levande leia gjennom minna og sorga. I eitt og same prosadikt spring dialogen i fleire retningar og mellom ulike instansar, samstundes som språkbileta opnar nye moglege vegar. I tillegg til at dikta vender seg til den døde, og den døde til den levande, vert konkrete minne og gløymsle antyda, og ein finn ansatsar til refleksjonar kring døden og livet og avsetningar frå dødsoppfatningar i religion og vitskap.

Den egyptiske dødeboka er ei tekstsamling i den forstand at tekstane ikkje står i ei bestemt rekkefølgje og ikkje utgjer eit system eller ein orden. Dei skildrar heller ingen føreskriven veg, og målet er like ubestemt som vegen. I det enkelte prosadiktet til Selmer, og boka som heilskap, vert også omgrep som framdrift og utvikling, som ein ofte førestiller seg som ei line og som medvitet vårt verkar så besett av, vanskeleg å nytte – trass i at reisemotivet og ulike retningsvisarar er langt framme i tekstane.

Spenningane i tekstane er poetisk og språkleg funderte og står fram som motsetnadar, utdjupingar og tersklar, og ikkje minst som enkeltståande bilete som formeleg sprengjer seg plass i teksten: «og i hvert sandkorn har et fjell rast sammen», eller «Du er en bit himmel i et puslespill». Og ein finn mykje klokt og tankevekkjande, til dømes om gløymsle og minne, så vel i meir prosaisk klartekst som biletleg: «Glemsel er lyden som ikkje lar seg identifisere.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement