Film

Å eg veit meg ein familie

Det skal godt gjerast å ikkje falla for Brødrene Johansen.

To av dei fem brørene Johansen: Jan Ivar er fiskar, Idar er geitebonde.
To av dei fem brørene Johansen: Jan Ivar er fiskar, Idar er geitebonde.
Publisert

Kråkrø, ei øy nord for Harstad: På ein geitegard ved fjorden bur Idar og Jan Ivar (begge i førtiåra) med mor og far. Bygda har 25 innbyggjarar, mellom andre bestekompisen til Jan Ivar, Birger, på nokre og åtti. Det einaste som skjer her, er sjølve livet.

Før i notida

Inntil koparnettet vart kopla frå i januar i år, så hadde faktisk 115.000 norske heimar innlagd telefon, ein av desse var heimen til familien Johansen. Her gjer dei det på gamlemåten. Eller iallfall har dei gjort det lenge. Mor Kjellrun og far Einar har oppdrege sju ungar på garden, ein oppvekst med mykje fisk og lite uviktig prat, og ein viss skepsis til det utanfor bygda.

Faren er skeptisk til unge kvinnfolk no til dags som driv og drikk, men då er Jan Ivar der og påpeikar at det er no ikkje berre kvinnfolka som drikk, og det er no heller ikkje berre unge folk, det er vel så mange gamle alkisar. Det ligg eit roleg opprør i det han seier. «La dei berre sitje og gruble, tidene forandrar seg», seier Jan Ivar mens han ror båten utover fjorden for å dra garn – akkurat som for hundre år sidan. Det er så fint og så reflektert og til refleksjon.

Folk ved fjorden 2

Det er på ingen måte fritt for assosiasjonar til Der ingen skulle tru at nokon kunne bu, eller Norge rundt, for den del. Særleg musikken kunne med fordel vore skrudd til hakket mindre sentimentalt og sidrumpa, og forteljarstemma kunne vore ørlite mindre barne-TV-aktig, om eg skal tillata meg å vera ærleg, men dette til sides, eg skal seia kven som er ærleg!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement