Bok
Å dikte om 22. juli
Dikta som vitnar om det umoglege.
Kristian Bergquist har skrive ti diktsamlingar sidan debuten i 2007.
Foto: Flamme Forlag
Det kan vere vanskeleg å skrive litterært gyldig om terroråtaket som råka Noreg og kosta 77 menneske livet 22. juli 2011. Grunnen handlar om korleis forstå det uforståelege og korleis seie noko om det som ikkje kan seiast.
Likevel er de heldigvis skrive ei rekkje markante 22. juli-dikt av norske poetar. Til dømes Cecilie Løveids dikt «Straff», som utpenslar terroristens straff, eller Marte Hukes «22. juli 2011» som deskriptivt skildrar åtaket frå synsstaden til ein medborgar i Noreg, med ei aukande nomen kjensle idet kvardagen vert skipla.
Brutalitet og omsorg
Ti år etter terroråtaket har Kristian Bergquist vigd ei heil diktbok til det som skjedde. Dikta festar seg ved terrorhendinga og konsekvensane for offera, familiane og til dei overlevande, med enkelte blikk frå rettssaka. Dikta er skrive utifrå korleis diktar-eget opplever, reflekterer og føler i høve til handlingane og til dei råka.
Sett i forhold til Løveid og Huke, som lèt kjenslene trykke med stor kraft mellom linene, er Bergquist eksplisitt innfølande og medlidande, han strekkjer ut armane i varm omfamning: «Jeg har/ ikke ord/ sier du / men/ du/ kan få/ av meg/ sier jeg».
Løveid og Huke skriv om hendinga i fortid, sjølv om Løveids dikt nyttar ei æveleg framtidsform med tanke på straffefullbyrdinga. Bergquist forvaltar derimot 22. juli i presens, i notid. Han er altså meir direkte, både når det kjem til brutaliteten og omsorga. Dikta gjer hendingane for alltid nærverande.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.