JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

2022 i kinosalen

Sjølv med intens konkurranse om strøymekundane vil dei beste filmane enno fyrst ha premiere på stort lerret. Dag og Tid-filmmeldarane er berre til dels samde om kva filmar som toppa lista i året som gjekk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eg kan knapt minnast filmar som er så frie i handsaminga av sjangerkonvensjonar som Everything Everywhere All at Once av Daniel Kwan og Daniel Scheinert.

Foto: Another World Entertainment

3002
20221223
3002
20221223

Verda er full av god film. Dei beste filmopplevingane i 2022 kom frå mange land. Eitt skil seg likevel ut. Eg kunne lett ha tatt med fire filmar frå Iran på lista mi. Det blir med to, og heiderleg omtale til Asghar Farhadi og Ali Abbasi.

Kvinne

For ein kar utan interesse for kongehus er Spencer av Pablo Larraín ei overrasking på lista. Chilenaren er alltid knallsterk på form. Den frie fiksjonen om den siste jula prinsesse Diana hadde med kongefamilien, er eit skarpt portrett. Ein annan favoritt, Jonas Carpignano, fullbyrda trilogien sin frå Calabria med Chiara, ei medrivande skildring av dottera til ein mafioso lågt på rangstigen.

Ei ny stemme er den kurdiske debutanten Kurdwin Ayub frå Austerrike. Bak sløret er ei nydeleg forteljing om ei tenåringsjente, full av nye perspektiv, friske figurar, ungdommeleg stil, liv og sjarm. Maryam Moqadam og Behtash Sanaeeha leverte eit klassisk iransk drama som tok pusten frå meg i Uten skyld, om ei kvinne som finn ut at mannen blei feilaktig avretta.

Liv

Meir Iran. Panah Panahi er sonen til den fengsla legenda Jafar. Hans debut, Veien videre, osar av sjarm, humor og livsvilje, trass i mørke skuggar. Det står heller ikkje på talent eller humør i hjartevarme Ali & Ava av britiske Clio Barnard. Sjeldan såg ein så mykje kjærleik og von i film om livet i Bradford.

Det er livleg i Ferskenlunden i Catalonia av Carla Simón òg, sjølv om solcellepanela truar med å ta livet av det tradisjonsrike jordbruket. Miljøskildringa er varm og ven. Belgiske Lukas Dhont har laga ein av dei mest hjarteskjerande og vakre filmane i år. I Close møter me to bestevenner som begynner på ungdomsskulen, eit liv med mindre fridom.

Fridom

Eg kan knapt minnest filmar som er så frie i handsaminga av sjangerkonvensjonar som Everything Everywhere All at Once av Daniel Kwan og Daniel Scheinert frå USA. Ein så hemningslaus actionfilm skal du leite lenge etter. Det er herleg å ha det så gøy på kino.

Den filmen som vekte sterkast kjensler i meg i år, var Memory Box av Joana Hadjithomas og Khalil Joreige. Lengt etter fridom under borgarkrigen i Libanon blir skildra i ein grenselaus leik med format og sjangrar. Eg smelta i kinosetet slik rullane i filmen smelta. Tårene fossa.

Vestnorsk

Det blei fukt i augekroken under bergenske Krigsseileren av Gunnar Vikene òg. Sterkt handverk i alle ledd ber ei kjenslemessig sterk reise. Skepsisen til krigsfilmbonanza måtte vike. På heimebane var denne eit høgdepunkt. Ros òg for kreativt overskot og mot til siddisfilmen Thomas mot Thomas og sunnmørske A Human Position.

Jamvel hovudstaden leverte framifrå underhalding med Syk pike. På iransk nivå er vi likevel ikkje.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latin-
amerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis