¿ Lang dag i bannehagen

Endelause tiradar, gufne naboar og konstant kiving kallar meir på ubehaget enn på latteren.

Terje (Hagen) og Liv (Blokhus) giftar seg på same dag som Diana og Charles i 1981.
Terje (Hagen) og Liv (Blokhus) giftar seg på same dag som Diana og Charles i 1981.
Publisert

Lytt til artikkelen:

I 1981, same dag som Diana og Charles giftar seg i England, giftar Liv (Blokhus) og Terje (Hagen) seg i Sarpsborg. Dottera Diana er allereie fødd, og me følgjer foreldra hennar og naboane (Kruse og Waastad) fram til den dagen Diana sjølv skal gifta seg.

Parproblem

Dianas bryllup er basert på ein enkel, men god idé: Å leggja handlinga parallelt med det offentlege livet til folkeprinsessa Diana byr på gode knaggar for å hugsa kor ein sjølv var i livet på dei gjevne tidspunkta. Terje og Liv som Charles og Diana funkar som samanlikning, sidan ingen av para kan skuldast for å ha eit knirkefritt samliv. Eg trur det er meininga at me skal få eit mangefasettert inntrykk av hovudrollene, men dei fell ned på sine eigne klisjear, så det blir vanskeleg å landa noko særleg sympati med dei.

Eg skjønar at Liv og Terje skal ha eit turbulent, men lidenskapeleg forhold, men forakta dei legg for dagen når dei kranglar, verkar liksom ikkje ispedd kjærleik. Då blir det vanskeleg å heia på dei, og det blir også vanskeleg å le.

Herreguuuud!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement