JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Ei historie under vatn

Den gamle båten vart funnen att og dregen i land av heltar i slekta.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Båten vart attfunnen og dregen heim av f.v. Gaute Nordvik, Jo Inge Bræin og Einar Bræin.

Foto: Ingvild Bræin

3664
20191011

Bratthøbrev

Ein serie stasjonære reisebrev tufta på tradisjonen etter Garborgs Kolbotnbrev, Sandemoses Brev fra Kjørkelvik og Arild Nyquists Kollvikabrev. Frå Bratthø i Tynset ser ein halve Noreg, men ikkje teikn til sivilisasjon.

Fetteren min hugsar kva år det var, 1978. Det hugsar han fordi på bilde frå denne turen har han på seg ei trøye frå fotball-VM i Argentina. Han var på besøk på Bratthø, saman med søstera si og foreldra deira, altså kusina mi, tante og onkel. Vi gjekk ein lang tur, og der, i enden av ei myr, låg ein båt. Pappa såg at det var vår båt, det vil seie båten den første eigaren av hytta hadde hatt, tidleg i 50-åra. Ein grøn, smal aluminiumsbåt som hadde vore sakna i årevis. Ingen veit korleis han hadde hamna heilt her borte, men her var han no. Det var høgtid å finne han att, og pappa og onkel trekte båten med seg heim over stiar, gjennom kratt og lyng. Då båten kom til gards, blei det tatt bilde av båten med søskenbarna oppi. Vi brukte kosteskaft til årer, til ære for fotografen.

Av tilfeldige grunnar kom ikkje denne delen av familien min opp igjen til hytta før i 2010. Då hjelpte dei til i nokre intensive dugnadsår. Dei var sjølvsagt spente på å sjå båten igjen. Den fekk dei sjå, han låg bak skjulet, der vi hadde plassert han i 1978. Sjødyktig var han ikkje, etter all slepinga i landskapet. Men han høyrde til på tunet og var ei historie i seg sjølv.

Så forsvann forsyne meg båten igjen. Eitt år var han berre borte. Vi klødde oss i hovudet, leitte etter båten på dei mest sannsynlege og usannsynlege stader, men fann han ikkje.

Eit par år etter såg vi plutseleg noko som blenkte i sollyset under vassflata nede ved fiskevatnet vårt. Der var jo båten! Eit lite stykke ut frå land, i siv og delvis under mudder. Korleis var han komen dit? Hadde han segla ned på vinterskaren? Nei, det er for mange tre i vegen, og for langt. Har nokon drege han med seg ned og prøvd å sjøsette han, for så å oppdage at han var full av hol? Finn vi drukna båttjuvar der òg?

Vi gjekk og henta utstyr til å få han opp, men då vi kom ned igjen, såg vi han ikkje. Vi gjekk fram og tilbake, ikkje ein båt å sjå. Vi gav opp. Neste gong vi var og fiska, låg han og glimra under vasskorpa att. Kva var dette? Det var litt som øya til Ruffen, bildeboksjøormen til Tor Åge Bringsværd og Thore Hansen, som berre er synleg kvar tysdag og fredag. Vi skjønte at båten var lokaliserbar i visse lysforhold, og oppførte seg som fisken: vakar som berre det når vi sit i hytta og ser ned på vatnet, men blir heilt fråverande når vi kjem ned og skal fange han. Han blei liggande dei neste åra, som ei historie under vatn.

Onkel, fetteren min og sonen hans kom opp til Bratthø igjen for eit par år sidan. Då vi fortalde at båten var borte på ny, og låg i vatnet av og til, og av og til ikkje, ville dei sporenstreks ned for å finne han. Etter ei god stund stod dei andpustne på tunet. Båten hadde vore tung å trekke opp den bratte bakken. Men han var heime! Fetteren min hadde vore ute i vatnet med heile seg, det draup av han. Dei hadde baksa og løfta, festa tau og trekt, lempa ut mudder, og til sist var han på land.

Det var som det skulle vere at to av dei som først var med på å finne båten i 1978, var dei som berga han på ny i 2017. Vi låste inn denne løpske båten som tydelegvis har problem med å knyte seg til folk. Eller var det draugen som hadde vore og henta han, kvar gong? Det lurte vi på då den innelåste båten i år var sporlaust forsvunnen.

Ingvild Bræin

Ingvild Bræin er litteraturvitar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Finn vi drukna båttjuvar der òg?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Samstundes som Russland har formannskapet i Tryggingsrådet, er landet inne i det tredje året som aggressor mot Ukraina. Slik er det uhyggelege paradokset i internasjonal politikk nett no, skriv Bernt Hagtvet.

Foto: Eduardo Munoz Alvarez / AP / NTB

Samfunn

Ei verdsordning i oppløysing

Internasjonal politikk tek meir og meir farge av dei resultatlause samkomene, med Tryggingsrådet i FN som fremste symbolet på manglande handlekraft.

Bernt Hagtvet

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis