Diktet

«Tekstane hennar vart trykte, men like viktig var det at folk song dei»

Dorothe Engelbretsdatter (1635–1716) var kjend som landets første kvinnelege forfattar.

Publisert Sist oppdatert

Da Dag og Tids redaktør Svein Gjerdåker ringde meg og ville ha meg til å skrive om dikt eg set pris på, bestemte eg meg for at eg skulle sleppe til ei kvinne og ein mann annankvar gong. Den lovnaden har eg halde, og i dag står ei markant «poetinde» for tur.

Dorothe Engelbretsdatter (1635–1716) frå Bergen er kanskje ikkje det hottaste namnet for tida, men da ho levde, var ho kjend som landets første kvinnelege forfattar og høgt respektert av mange. Sjølvsagt vart ho omdiskutert, ikkje minst fordi ho var kvinne og norsk. I det dansk-norske miljøet var det provoserande, og i det litterære miljøet vart ho oversett. Men ein får inntrykk av at ho var svært omtykt av vanlege folk. Folk song songane hennar. Vi veit til dømes om over 50 folketonar til tekstane hennar. Og diktarar som vekkjer tonar i folk, skal ein ikkje kimse av. Tekstane hennar vart trykte, men like viktig var det at folk song dei. Den samtidige Petter Dass vart ikkje trykt i samtida si, men folk song tekstane hans. I dag er berre «Dagen viker og går bort,» med i Norsk salmebok og Katolsk salmebok. Kva er grunnen til det? I Norsk salmebok er Petter Dass representert med heile 11 salmar. Ein annan samtidig, Thomas Kingo, er representert med 16 salmar.

Etter mi meining var ho ein rimsmed av første klasse. Ein myndig poet. Ikkje den smaklause «tårepersa» enkelte skulda henne for å vere. Ho meistra dansk 100 prosent, men krydra tekstane med norske/bergenske ord. Særleg kjem det fram i dei mange høvesdikta ho skreiv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement