Verdige prisvinnarar av Shabana Rehmans minnepris 2024
Politiadvokat Terje Bjøranger (Foto: Lina Hindrum / Cappelen Damm) og politioverbetjent Gunnar Valentin Svensson (Foto: Cappelen Damm)
Shabana Rehmans minnepris 2024 gjekk denne veka til politiadvokat Terje Bjøranger og politioverbetjent Gunnar Valentin Svensson for langvarig innsats mot tvangsekteskap, vald, æresdrap og negativ sosial kontroll. Gratulerer med prisen, begge to!
Prisen går rett inn i det som var Shabana Rehmans store livsgjerning – alle skal få leva eit fritt og sjølvstendig liv. Ho stod i denne kampen i årevis med stort mot og stor innsats.
Terje Bjøranger og Gunnar Valentin Svensson kom tidlegare i år med boka Æresrelatert kriminalitet, der dei dokumenterer korleis æreskulturen blant innvandargrupper blant anna frå Midtausten og Nord-Afrika fører til at altfor mange kvinner vert utsette for tvang og vald.
Og det er lite som tyder på at problemet er minkande. I boka minner Bjøranger og Svensson om at det nasjonale kompetanseteamet mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og negativ sosial kontroll i Noreg mottok 891 førespurnader i 2022, mot 399 i 2015.
Som meldaren av boka i Dag og Tid, Einar Haakaas, skriv, bør temaet nå langt utover fagmiljøa som arbeider med det til dagleg. Dette er ein del av norsk røyndom vi må ta på alvor.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.