JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Tvang frå ei anna verd

Æresrelatert kriminalitet er ei bok som fyller lesaren med ubehag. Samstundes er ho frigjerande blotta for berøringsangst og frykt for å krenkje.

BokMeldingar

Tvang frå ei anna verd

Æresrelatert kriminalitet er ei bok som fyller lesaren med ubehag. Samstundes er ho frigjerande blotta for berøringsangst og frykt for å krenkje.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5419
20240315
5419
20240315

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Sakprosa

Terje Bjøranger og Gunnar Valentin Svensson:

Æresrelatert kriminalitet. En casebasert håndbok

Cappelen Damm

Boka er i stor grad skriven for offentleg tilsette innafor skule, barnevern, politi, Nav, og for folk i andre instansar som kjem tett på problemstillingar knytte til æreskriminalitet. Forfattarane påpeiker at dette må handsamast som all annan kriminalitet: «Vårt håp er at denne boka kan bidra til å ’tøffe opp’ de som kommer i nærkontakt med ofrene. Glem hudfarge, religion og etnisitet. Vold skal behandles som vold, uansett hvem voldsutøveren er. Personers kultur og tradisjoner skal ikke ha betydning for om vi skal bry oss, bare for hvordan

Boka tar oss med inn i bakgarden i det norske samfunnet, eit parallellsamfunn med vald, tvang, seksualisert vald, sosial kontroll og æresdrap, der skikkane er importerte frå land med æreskultur. Vi snakkar om folk som har emigrert frå til dømes land i Midtausten, Pakistan og Nord-Afrika. Dette er minoritetsmiljø der store grupper innvandrarar framleis står med eitt bein i heimlandet. Ikkje til å undrast over at det blir konfliktar i møte med kvinnefrigjering og vestlege fridomsideal, når tradisjonen deira krev full kontroll over kvinner.

Ein del av boka handlar om korleis ein arbeider mot denne kriminaliteten. Samstundes er temaa forfattarane tar opp, viktige for alle som bur i Noreg. Ein kan håpe at tematikken også blir diskutert i dei miljøa som har med seg ein importert æreskultur hit. Særleg burde boka ligge framme i kvar ein moské over heile landet. Som forfattarane peiker på, kjem ikkje alle muslimar frå æreskulturar, men i Noreg er det i stor grad eit samanfall mellom religion og kultur. Og religionen blir ofte nytta til å grunngi krav som er knytte til æreskulturen.

«Temaet bør nå langt utover fagmiljøa som arbeider med det til dagleg.»

Mange røynsler

Forfattarane Terje Bjøranger og Gunnar Valentin Svensson har jobba med æresrelatert kriminalitet i meir enn 25 år innafor politi, migrasjonsstyresmakter og barnevern. Undertittelen til boka er En casebasert håndbok. Siste del av boka er ei samling av døme på æresvald og er særskilt trist lesing. At denne valden og tvangen går føre seg i Noreg i dag, er nesten ikkje til å tru.

Jo då, vi har høyrt liknande historier før, i bøker og reportasjar i media. Unge som blir tvangsgifta, sende til heimlandet til foreldra og utsette for utenkeleg vald. Likevel er det tyngde over den samla framstillinga til desse politifolka som har stått i arbeidet med offer og gjerningsmenn.

Ja, menn, for det er nesten alltid menn som står bak valden. Ein far, bror, onkel eller annan slektning.

Særs trist er det at forfattarane slår fast at nokre held fast på skikkane frå heimlandet etter 50 år i Noreg. Og her snakkar vi om folk med høg utdanning som synest å vere godt integrerte. Nokre bryt tradisjonane, men det er ikkje lett. Presset frå slekta i heimlandet er stort.

Kvinnegruppa Ottar og Sekulær Feministisk Front arrangerer demonstrasjon mot æresdrap føre Stortinget i 2017.

Kvinnegruppa Ottar og Sekulær Feministisk Front arrangerer demonstrasjon mot æresdrap føre Stortinget i 2017.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Vonde historier

Kontrollen over jenter startar tidleg. Vi får høyre historier om jenter som aldri får gå i bursdag til klassevenninner og må finne på ei orsaking. Om dei får ein gutevenn, er det nok til at sladderen går, også i heimlandet til foreldra. Det er ofte då det tippar over, når det blir kjent. Æra må rettast opp att.

Ifølgje forfattarane har det vore om lag 10.000 saker om æresrelatert kriminalitet sidan 1990, men talet er ikkje fordelt etter om dette er æresvald, drap eller sosial kontroll.

Dei minner om at det nasjonale kompetanseteamet mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og negativ sosial kontroll i Noreg mottok 891 førespurnader i 2022, mot 399 i 2015. Økt merksemd kan gi fleire meldingar. Samstundes tyder ingenting på at det norske samfunnet har lukkast med å kjempe mot fenomenet. Det viser behovet for denne boka. Alt kjem av trongen til å kontrollere «æra» til kvinnene, som handlar om æra til heile storfamilien. Det kan ifølgje Bjøranger og Svensson oppsummerast slik: «Ligg unna kvinnene våre, ellers tar vi både kvinnene og deg.»

Forfattarane meiner vi må erkjenne at problem knytte til æreskulturen er ein pris vi må betale for innvandring frå område prega av æreskultur. «Det er egentlig ikke et valg – det er en regning vi har akseptert», skriv dei.

Klan og krim

Æreskulturane er tett knytte til klansamfunna der desse gruppene har opphavet sitt. Dersom jenter bryt ut, fører det til vanære for heile storfamilien. Og det kan vere nok at dei berre har litt kontakt med gutar utan å vere gifte. For brørne er det annleis. Dei blir oppdregne til maskulinitet og kan brukast til vald mot systrene. Samstundes kan ei slik oppseding føre brørne inn i kriminelle gjengar som har strukturar som til forveksling er lik den i klanen og storfamilien, ifølgje forfattarane. Krava om togn – at alt skal bli verande i storfamilien – samsvarar med krava i gjengane.

Eg synest det er mykje som blir sagt opp att i boka. Gjentakingar fungerer kanskje for fagfolka, men kan bli ei sperre for vanlege lesarar. Det er synd. Temaet bør nå langt utover fagmiljøa som arbeider med det til dagleg. Dette er ein del av norsk røyndom vi må ta på alvor. Som det heiter som eit mantra i boka: «Æreskriminalitet er ikke et integreringsproblem – det er kriminalitet.»

Einar Haakaas

Einar Haakaas er journalist og forfattar.

Fleire artiklar

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

ReportasjeFeature

Om å snuble inn i ein framand kultur

Vi hadde høyrt Manu Dibango spele under Mela-festivalen på Rådhusplassen i Oslo. Det var freistande å følgje sporet hans attende til Kamerun.

Øyvind Pharo
Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

ReportasjeFeature

Om å snuble inn i ein framand kultur

Vi hadde høyrt Manu Dibango spele under Mela-festivalen på Rådhusplassen i Oslo. Det var freistande å følgje sporet hans attende til Kamerun.

Øyvind Pharo
Statsminister Jonas Gahr Støre helsar på mannskapet ombord kystvaktskipet KV Bjørnøya som ligg til kai i Oslo, etter å ha lagt fram langtidsplanen for Forsvaret.

Statsminister Jonas Gahr Støre helsar på mannskapet ombord kystvaktskipet KV Bjørnøya som ligg til kai i Oslo, etter å ha lagt fram langtidsplanen for Forsvaret.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Leiar
Svein Gjerdåker

Store utfordringar for Forsvaret

Statsminister Jonas Gahr Støre burde vore tydeleg på at planen for Forsvaret er ambisiøs og særs krevjande.

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Foto: Mario Anzuoni / Reuters / NTB

MusikkMeldingar
Rasmus Hungnes

Keisam radiokanal

Beyoncés åttande er ei langdryg smørje.

NTNU hovedbygget i Trondheim

NTNU hovedbygget i Trondheim

Foto: Gorm Kallestad / NTB

MusikkKultur

Sure tonar i Trondheim

Trass i skrikande mangel på organistar stogga NTNU opptaket til bachelorstudiet i kyrkjemusikk. Fleire søkjarar hadde alt prøvespelt.

Jan H. Landro
NTNU hovedbygget i Trondheim

NTNU hovedbygget i Trondheim

Foto: Gorm Kallestad / NTB

MusikkKultur

Sure tonar i Trondheim

Trass i skrikande mangel på organistar stogga NTNU opptaket til bachelorstudiet i kyrkjemusikk. Fleire søkjarar hadde alt prøvespelt.

Jan H. Landro