JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Støtta til Ukraina må halda fram

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1833
20230224
1833
20230224

«God kveld til alle. Fraksjonsleiaren er her, leiaren for presidentkontoret er her, statsminister Sjmygal er her, Podoljak er her, presidenten er her. Vi er alle her. Soldatane våre er her, innbyggjarane er her, vi er alle her og forsvarer sjølvstendet vårt, landet vårt. Slik vil vi halda fram. Ære til mennene og kvinnene som forsvarer oss. Ære til Ukraina.»

Med desse orda og denne videoen frå Kyiv 25. februar i fjor bidrog president Zelenskyj til å oppretthalda moralen og trua på at ukrainarane kunne stå imot den russiske invasjonen.

Etter at fleire land, Noreg medrekna, fyrst berre ville senda vestar og hjelmar, fekk Ukraina raskt store militære hjelpesendingar frå Noreg, Europa, USA og Nato. No, eitt år seinare, har vi bunde oss til masta og kjem til å enda opp med å senda jagarfly.

Situasjonen er alvorleg. Held krigen fram som no, kan vi få over ein halv million såra og drepne ukrainarar og russarar før året er omme. Men Russland vil ikkje gje seg. Ukraina kan ikkje gje seg og enda opp som eit Belarus under Russlands åk.

Vi er i ein krig som i dag, eitt år etter utbrotet, er umogeleg å sjå utgangen av. Ein kan sjølvsagt krevja at Ukraina skal forhandla med Russland og såleis få slutt på krigen. Men forhandla med Putin? Ein som seinast denne veka hevda at det var Vesten som starta krigen?

Og kva mandat har Zelenskyj til å starta forhandlingar no, etter at dei har ofra titusenvis av liv for å forsvara landet sitt? Skal dei gje frå seg fylka Zaporizjzja, Donetsk, Luhansk og Kherson, med fare for at Russland vil ta meir seinare? Kva med Krym?

Eit slikt krav er urimeleg og vil heller ikkje nå fram. Tida er ikkje inne for å pressa Ukraina til forhandlingar. Noreg, Europa, USA og Nato må difor halda fram med å støtta Ukraina militært og økonomisk.

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis