Krisa har samla ukrainarane
Om Putin og Russland vil, kan dei raskt avblåsa den spente konfliktsituasjonen vi no har mellom Russland, Ukraina og Vesten. Framferda til Russland er uakseptabel. Det er i strid med avtalefesta traktatar å utføra militært press slik dei gjer ved den ukrainske grensa. Situasjonen er forsterka ved at dei to sjølverklærte fylka aust i Ukraina, Donetsk og Luhansk, no er anerkjende av den russiske dumaen.
Men Vesten og USA har òg ansvar for å roa situasjonen og tona ned retorikken, og ikkje bera ved til bålet. Då er det ikkje klokt av Natos forsvarsministrar, slik dei gjorde denne veka, å gå saman om å auka Natos militære styrkar i Aust-Europa.
Og det er uklokt av USAs president Biden å spissa til situasjonen slik han har gjort i tale etter tale, og dermed byggja opp under krigsfrykta. Den same opphaussinga har Biden bidrege til ved å stenga ned den amerikanske ambassaden i Kiev og flytta han vestover til byen Lviv. Flyttinga er oppsiktsvekkjande, for amerikanarane pleier å vera dei siste som forlèt ein ambassade om ei krise oppstår. Denne konflikten fortel oss på nytt at internasjonal politikk er for alvorleg til å verta overlaten til amerikanarane. Som det var i Irak og Afghanistan.
Ein russisk invasjon av Ukraina vil vera i strid med kva som vil gagna Russland. Ein invasjon vil øydeleggja alle tillitsforhold til resten av Europa. Russland har dessutan ikkje økonomi og kapasitet til å halda kontroll over Ukraina. Og ein økonomisk boikott av Russland vil vera vanskeleg for landet. Problemet med ein boikott er sjølvsagt at Tyskland har gjort seg avhengig av russisk gass.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.