JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Krigen i Ukraina: Vi tok feil gong på gong

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Biletet viser ukrainske soldatar som vert trente opp i Tyskland.

Biletet viser ukrainske soldatar som vert trente opp i Tyskland.

LIESA JOHANNSSEN / Reuters / NTB

Biletet viser ukrainske soldatar som vert trente opp i Tyskland.

Biletet viser ukrainske soldatar som vert trente opp i Tyskland.

LIESA JOHANNSSEN / Reuters / NTB

2188
20240223
2188
20240223

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Vi var mange som ikkje trudde at Russland ville prøva å invadera heile Ukraina for to år sidan. Vi tok feil. Vi var mange som ikkje trudde at ukrainarane ville kunna stå imot den russiske militærmakta. Vi tok feil. Og vi var mange som trudde at den ukrainske offensiven i fjor skulle endra den militære situasjonen, og at Vesten ville levera dei våpena Ukraina ville trenga. Vi tok feil.

Vi var mange som trudde at det ville veksa fram ein opinion i Russland mot krigen. At dei økonomiske sanksjonane ville råka Russland hardt, og at det russiske samfunnet ikkje ville klara å stå i ein krig gjennom lang tid. Vi tok feil her òg.

Slik kan vi halda fram. Det er ikkje mogeleg å vita kva resultatet vert av denne krigen. Vi pliktar likevel å ta tydeleg standpunkt til om vi skal hjelpa Ukraina med nok våpen eller ikkje. Under ein krig kan ein ikkje nøla, og ein må halda fast ved det ein har lova.

Det er vanskeleg å vita kva Putin tenkjer og vil. Er Russland viljuge til å inngå ein fredsavtale og trekkja seg tilbake frå dei okkuperte områda? Eventuelt halda på dei områda dei alt har okkupert, og la det vera med det? Eller vil Russland, om Ukraina gjev etter, til slutt prøva å ta Kyiv? Kan ein i det heile lita på ein fredsavtale med Putin?

Lite tyder på det. Putin har synt seg kynisk i denne krigen og ofrar hundretusenvis av soldatar langs fronten. Titusenvis av russiske soldatar er drepne berre i kampen om Avdijivka, som dei tok kontroll over denne veka. Dei bombar byar og sivile i Ukraina med rakettar frå Svartehavet. Dei fengslar kritikarar i heimlandet. Russland er vorte eit ufyseleg regime, med lagnaden til Aleksej Navalnyj som nok eit tragisk døme.

Ein reduksjon eller stogg i våpenhjelpa vil difor vera ein tragedie for ukrainarane og utgjera ein fare for alle land Russland ser på som sitt historiske interesseområde. Det treng ikkje vera tale om ein militær invasjon, men å sikra seg hegemoni eller ei eller anna form for kontroll med desse landa, slik dei har med Belarus i dag.

Så lenge ukrainarane sjølve vil halda fram krigen, må vi difor støtta Ukraina med det vi kan av våpen og økonomisk hjelp.

Svein Gjerdåker

Fleire artiklar

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Per Anders Todal

Tore Pryser har skrive boka "Samarbeid, tilpasning og motstand. Mer svik og gråsoner". Delar av innhaldet vekkjer debatt.

Tore Pryser har skrive boka "Samarbeid, tilpasning og motstand. Mer svik og gråsoner". Delar av innhaldet vekkjer debatt.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Bjørn Skåret

Tore Pryser og Reidar Hedemann

Tore Pryser gjev nytt liv til ei «ikkje-sak» i boka Samarbeid, tilpasning og motstand.

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Erlend Skjetne er frå Melhus og arbeider med norskopplæring for innvandrarar, i tillegg tl å vere forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Erlend Skjetne er frå Melhus og arbeider med norskopplæring for innvandrarar, i tillegg tl å vere forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Foto: Leikny Havik Skjærseth

BokMeldingar
Kjetil Berthelsen

Med lånt lyre

Erlend Skjetne går i nærsynt dialog med Olav Nygard i Liv, eg har drukke.

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

ReportasjeFeature

Om å snuble inn i ein framand kultur

Vi hadde høyrt Manu Dibango spele under Mela-festivalen på Rådhusplassen i Oslo. Det var freistande å følgje sporet hans attende til Kamerun.

Øyvind Pharo

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis