Krig i Ukraina

Publisert

Det er skremmande, det som skjer i Ukraina no. Og ein tragedie for det ukrainske folket. Vi som trudde at Russland berre var ute etter å skremma Ukraina, EU og USA for å sikra at Ukraina ikkje vart med i Nato, har teke grundig feil.

Vi fekk klare åtvaringar om kva som kunne koma til å skje, tidlegare denne veka etter den aggressive talen Putin heldt måndag. Og ikkje minst kom Putins autoritære maktbruk tydeleg fram i den absurde videoen som Putins PR-apparat sende ut same dag. Der vart Russlands sjef for utanlandsetterretninga, Sergej Narysjkin, audmjuka framfor resten av det russiske tryggingsrådet, med medlemer som parlamentspresidenten og utanriksministeren.

Putin, sitjande for seg sjølv ti meter frå dei andre, handsama Narysjkin som ein hund i band og pressa han til å gå med på å godkjenna dei to ukrainske utbrytarfylka som sjølvstendige. Og Narysjkin er ikkje kven som helst, på papiret er han blant dei fem mektigaste i landet.

Det er knapt mogeleg for EU og Nato å driva fornuftige forhandlingar, eller å inngå truverdige avtalar, med eit land med ein president som opptrer slik sjølv andsynes sine eigne.

På nytt har eit austeuropeisk land no røynt kva det vil seia å vera innlemma i Russlands europeiske interesseområde. 21. august 1968 var det Tsjekkoslovakia det gjekk ut over. 24. februar 2022 Ukraina.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement