JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Fransk overmot

Ein viktig føresetnad for den vestlege militære støtta til Ukraina, er at ho ikkje skal involvera soldatar og troppestyrkar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
På ein pressekonferanse i Paris denne veka sa Frankrikes president Emmanuel Macron at ein ikkje kan utelukka vestlege bakkestyrkar i Ukraina. Kommentaren er alt lagt død.

På ein pressekonferanse i Paris denne veka sa Frankrikes president Emmanuel Macron at ein ikkje kan utelukka vestlege bakkestyrkar i Ukraina. Kommentaren er alt lagt død.

Foto: Sarah Meyssonnier / AP / NTB

2131
20240301
2131
20240301

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

På ein pressekonferanse i Paris denne veka sa Frankrikes president Emmanuel Macron at ein ikkje kan utelukka vestlege bakkestyrkar i Ukraina. Pressekonferansen gjekk føre seg i Elyséepalasset, kontoret og bustaden til den franske presidenten, og kom overraskande på dei fleste.

Det må vera den staselege bygningen – Napoleon Bonaparte var den fyrste som tok han i bruk som bustad – som har gjeve Macron eit anfall av fransk hybris og tru på at Frankrike framleis er ei stormakt.

No har alle, med USA, Storbritannia og Tyskland i spissen, teke avstand frå utsegna til Macron. Sjølv folk frå den franske generalstaben seier at utspelet kom uventa og utan at militærleiinga visste noko som helst i forkant.

Kommentaren er alt lagd død. Ein viktig føresetnad for den vestlege militære støtta til Ukraina er nettopp at ho ikkje skal involvera soldatar og troppestyrkar. Då gjev det ikkje meining å truga med det. Nato kan heller ikkje innføra ei flyforbodssone og stengja luftrommet over Ukraina. I så fall vil Russland og Nato fort hamna i direkte krig med kvarandre.

Men våpenhjelp har vi forplikta oss til å gje. Og vi utvidar stadig grensa for kva som er akseptabelt å gjera. Å senda fly var uaktuelt våren 2022. Det er det ikkje lenger. To år seinare diskuterer Tyskland om dei skal senda kryssarmissilet Taurus til Ukraina, med rekkjevidd langt inn i Russland. Spørsmålet var utenkjeleg i Tyskland for to år sidan.

Til no er det tyske svaret nei, fordi dei meiner det overskrid ei grense, sidan dei også må senda tyske militære for å hjelpa til med opplæring og bruk av missilet. Men er svaret ja om eit år? Alle veit jo at dess meir avanserte og kraftfulle våpen vi sender, dess større sjansar har Ukraina til å lukkast. Russland, for sin del, er uhemma, skyt missil innover Ukraina og trugar stadig Vesten med atomvåpen, seinast denne veka i Putins årlege tale om tryggleiken i landet. Vesten og Nato står overfor ein særs krevjande balansegang, som ikkje har fasit.

Svein Gjerdåker

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis