JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

For lite pengar

til domstolane

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1940
20171027
1940
20171027

Den manglande kapasiteten til norske domstolar er eit stort problem. Diverre vil ikkje framlegget til neste års statsbudsjett betra på situasjonen. Dette er alvorleg etter fleire år med nedskjeringar i domstolsadministrasjonen gjennom den såkalla avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma.

Det er overraskande at regjeringa ikkje har teke inn over seg situasjonen og gjort noko med han. For alt i eit godt og grundig brev frå februar i år, til statsråd Per Willy Amundsen i Justis- og beredskapsdepartementet, skriv domstolsadministrasjonen at situasjonen er vanskeleg.

Domstolsadministrasjonen peikar i brevet på at nærare halvparten av domstolane ikkje innfrir måla Stortinget har sett for sakshandsamingstider. Grunnen er ein sterk auke i saksinngangen dei siste 10 åra – tilsvarande 80 årsverk. Straffesaker som ligg på vent i tingrettane, har sidan 2008 auka med 30 prosent, eller 1000 saker.

I ein slik situasjon kjem ein ikkje med generelle krav om innsparingar. For vi talar ikkje her om kutt i heilt vanleg byråkratisk forvaltning, men i ein av berebjelkane i rettsstaten vår.

Dessutan er det vanskeleg å spara pengar i domstolsadministrasjonen. Partane i straffesaker har eit rettskrav på å få saka si handsama. Domstolane kan såleis ikkje spara pengar på prioritera bort nokre saker her og nokre saker der. Alle saker må handsamast. Dessutan er verksemda i domstolane strengt lovregulert, noko som òg gjer innsparing vanskeleg.

Innsparinga som regjeringa har sett i gang, vil såleis kunne gå ut over både rettstryggleiken og den ålmenne tilliten til rettssystemet. Dessutan vil dei involverte i dei mange straffesakene – både offer og tiltala – oppleva at sakene deira vil dra endå meir ut i tid enn dei gjer i dag. Det vil medføra ei sterk tilleggsbelasting for dei involverte. Stortinget må såleis ta ansvar og auka løyvingane til domstolane i neste års statsbudsjett.

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis