JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Den krevjande flyktningpolitikken

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1509
20240216
1509
20240216

Drammen kommunestyre vedtok med knapt fleirtal denne veka å ta imot berre ukrainske flyktningar og takka nei til ikkje-vestlege flyktningar. Slike vedtak kan ein ikkje godta. Kommunane må gjerne av ulike grunnar koma med ynske, men dei kan ikkje krevja kva slags bakgrunn flyktningane skal ha.

Det er ein type inndeling som er uakseptabel, dessutan vil eit slikt system gjera det svært vanskeleg for staten å få busett komande flyktningar på ein rask og effektiv måte. Vi må hindra at flyktningar vert verande for lenge på mottakssentralar.

Men problemstillingane kommunestyret i Drammen reiser, må ein likevel ta på alvor. Drammen, til liks med andre kommunar som Sarpsborg og Oslo, har mange innbyggjarar med innvandrarbakgrunn. Er det lurt at dei no skal ta imot fleire?

Å ta imot mange flyktningar på kort tid er krevjande. Utfordringane må ein tala ope om dersom ein skal lukkast med god nok integrering. Det gjeld eit lite mindretal av dei, men likevel, ungdom med innvandrarbakgrunn er overrepresenterte i valdsstatistikkane. Vaksne er i mindre grad i arbeid enn majoritetsbefolkninga. Blant innvandrarmødrene er det fleire som er dårlege i norsk. Dei har fleire born og bur tettare enn gjennomsnittet elles.

I sum krev dette ein solid innsats år etter år for å hindra lokalmiljø med utanforskap og fattigdom. Såleis har Drammen mange nok oppgåver å ta tak i og bør få ein pause i mottaket av flyktningar. Andre byar og bygder må ta eit større ansvar.

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis