¿ Yoghurt
Det bør ikkje vere naudsynt med forstørringsglas for å velje norsk.
Yoghurten er populær, men kor kjem han eigentleg frå?
Foto: Pxhere.com
Lytt til artikkelen:
Problemstillinga vår denne veka byrjar eigentleg ikkje i yoghurthylla i det heile. Nei, ho byrjar med ein pakke kjøtdeig – eller, for å vere meir nøyaktig, to pakkar kjøtdeig som såg heilt like ut, men hadde heilt ulikt innhald: to pakkar kjøtdeig på Norgesgruppens butikkar der den eine inneheldt kjøt frå Noreg, medan den andre inneheldt kjøt frå Tyskland. Den einaste måten å sjå skilnad på var at det etter «Opprinnelse» stod «Norge» med lita skrift på den eine og «Tyskland» med lita skrift på den andre.
For å gjere ei lang historie kort: Det vart ein del bråk om desse to kjøtdeigpakkane. Opp til fleire senterpartipolitikarar hissa seg opp, og endå fleire bønder og kanskje overraskande mange forbrukarar. Og dei ansvarlege, som altså var daglegvarekonsernet Norgesgruppen, måtte ut og sløkke brannen, sidan kjøtdeigen var ein del av ein serie med eigne merkevarer som dei sjølve står til ansvar for produksjonen av.
13 milliardar kroner
Og spør du meg, er det ikkje særleg mykje å seie på det. Det går trass alt minst 13 milliardar offentlege kroner til å halde oppe matproduksjonen i Noreg kvart år, og norsk mat er ei av dei sterkaste merkevarene vi har: Minst 80 prosent av dei norske forbrukarane synest det er viktig å halde på matproduksjonen i landet vårt, og den enklaste og truleg beste måten vi kan syne dette på, er gjennom å kjøpe norske matvarer der dei er tilgjengelege.
Kanskje tenkjer vi til og med at mat ikkje bør reise meir enn naudsynt, i desse tider. Då kan ein jo kaste ein tanke på at kring 40 prosent av forsetelen til norske kyr er kraftfôr, og kring halvparten av fôret til desse dyra er importert – koronarestriksjonar eller ikkje koronarestriksjonar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.