Yoghurt
Det er ikkje noko «berre» i barnemat.
Barn og yoghurt er lik sant. Men kva yoghurt er god nok?
Foto: Pxhere.com
Ord og ordtak er ein del av kven vi er, på nokolunde same måte som maten vi et. Men medan enkelte gamle uttrykk toler tidas tann med glans, er det andre som aldeles ikkje står seg inn i 2020. Eit av dei er «berre barnemat».
Uttrykket skal liksom tyde at noko er enkelt og uproblematisk. Og ein gong var det gjerne slik: Born fekk det ein hadde, og åt det dei fekk, og det var godt nok. Slik trur eg mange kan skrive under på at det ikkje er lenger. Tvert om: mat til spedbarn og små barn har vorte så komplisert, personleg og kjenslenært, med så høge fallgruver og steile frontar at eg som matskribent har kvidd meg for å røre temaet.
For er barnematglas gale eller heilt greitt? Øydelegg frukt på pose barns bilete av kva mat er for noko? Er ein ein dårleg forelder om ein ikkje står ved grytene dag og ut og dag inn og kokar purear, frys ned mosa søtpotet, kirsebær og brokkoli i små boksar med søte lappar som ein tek med seg på barseltreff den dagen ungen vert seks månader, men ikkje ein dag før?
Nei, som så ofte elles her i verda ligg nok sanninga nærare den keisame, men akk så fornuftige middelvegen: Litt av alt er truleg det beste – eller i det minste meir enn godt nok.
Babytilpassa yoghurt
Dette er sjølvsagt ikkje alltid heilt lett å hugse – langt mindre tvinge gjennom – i ei ammetåke full av meir eller mindre velmeinande venninnemødrer, kompisfedrar, facebookgrupper og googlesøk. Her er det med andre ord stort rom for meir eller mindre velmeinande angstprofitørar: Barnematmarknaden veks. Og langt frå alt er verdt å betale for.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.