Vodka
Mindre smak, meir funksjon.
Ikkje vatn, men alkohol med minst mogleg smak. Slik skal vodka helst vere.
Foto: Rogelio V. Solis / AP / NTB scanpix
Denne historia byrjar på botnen av ei kiste full av gamle synder. Som i dei fleste slike kister verken fortener eller forventar brorparten av innhaldet nokon plass på trykk. Ei overraskande full lita flaske skal likevel sjåast nærare på.
Flaska har merkelappen Hot n’Sweet. Hot n’Sweet er vodka med oppløyste tyrkiske pepardrops. Sidan det er ei væske med over 2 prosent alkohol, treng ikkje produsenten presentere innhaldet i flaska i nokon detalj. Når produsenten likevel har valt å gjere det, er det altså all grunn til å tru at han ikkje har noko å skjule. Difor vert eg overraska over å lese at vodkaen i flaska er produsert av melasse.
For melasse – dette brune, seige restproduktet av sukkerrøyr – er pressa tom for den lettflytande sukkerjuicen. Det er då råstoff for rom og cachaça, ikkje vodka? Vodka, den russiske måten å seie at noko ikkje er vatn på, er det produsert på ei eller anna form for korn – eller i verste fall potet?
Feil. Vodka kan vere produsert på kva som helst slags vegetabil som inneheld ei viss mengd sukker eller stivelse. Måten amerikanske styresmakter definerer vodka på, seier det meste om kvifor det er slik: Vodka er etanolalkohol «utan distinktiv karakter, aroma, smak eller farge».
Smaklaust mål
Vodka skal altså verken smake eller lukte noko. Ein vodka skal ikkje skilje seg frå ein annan vodka. Det einaste han skal gjere, er å bere med seg kring 40 alkoholprosent til kroppen, der han kan bryte ned levra og gjere hovudet ko-ko. Når ein får det presentert slik, vert det nærast løye å ikkje stille spørsmål ved om verda verkeleg treng eit slikt produkt?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.