Vill vest i Bodø
Bodø i byrjinga av 1800-talet. Nyholmen i forgrunnen.
Målarstykke av Peter Fredrik Wergmann
Ein fungerande stat skal ha kontroll med den organiserte valdsmakta i eige land. Militærvesenet og politiet representerer denne organiserte valdsmakta, og ingen annan. Difor blir det eit problem for statsmakta og statsautoriteten når det blir bygd opp konkurrerande valdsapparat, som mafiaen i Italia, eller når kriminelle gjengar tek kontrollen over heile bydelar, som i visse amerikanske storbyar. Då kan det fort bli væpna konflikt mellom staten og det konkurrerande valdsapparatet, noko som kan likne på krig.
Vi lever i eit idyllisk hjørne av verda og har ikkje hatt mykje av slik alternativ valdsmakt i fredstid. I fredstid har framande makter respektert grensene våre, i alle fall om vi held oss til det norske fastlandet.
Men det har, også i fredstid, vore episodar der utlendingar under våpen har tvinga den norske staten og det kontrollerande maktapparatet hans i kne.
Hanseatane i Bergen hadde rett til å bere våpen. I 1455 gjekk dei laus på høvedsmannen Olav Nilsson ved Bergenhus festning. Dei drap han og den fireårige sonen hans på bestialsk vis, før dei rana all eigedommen hans, også garden på Talgje i Ryfylke. Den norske staten hadde ikkje nødvendig makt til å verne høvedsmannen sin mot lovbrytande utlendingar. Og det tok seksti år før siste delen av den idømde bota vart betalt. Då var hanseatane på nedtur og hadde ikkje lenger makt til å trasse den norske staten.
I 1816 var det engelskmenn som sopa bort det norske maktapparatet og tok seg til rette i Bodø. Dei hadde etablert seg med ein kommisjonær i Bodø. Primært skulle han handle med fisk. Sommaren 1816 smugla dei inn eit stort vareparti. Tolloppsynet tok syndarane på fersk gjerning. Dei ulovlege varene vart sette på lager i Bodø. Der gjekk då den engelske forretningsmannen laus på byfogden i spissen for væpna engelske matrosar. Han vart overmanna og fekk to månader i varetekt før han slapp ut for å vente på rettssaka som måtte kome.
Då narra han lensmannen og mannskapet på Nyholmen skanse om bord på skipet sitt. Der stengde han dei inne, før han heiste segl og drog mot England med mykje av dei ulovlege varene om bord. Etter ein seglas vart lensmannen og dei andre sette om bord i ein annan båt, så dei kunne kome velberga heim.
Men det var ikkje gjort med dette. Sverre Steen skriv om saka, som starta som «en vanlig smuglerhistorie, passende for en forbryterjournal, ikke for rikshistorien». For det vart rikshistorie. Dei engelske kjøpmennene fekk det britiske utanriksdepartementet til å krevje erstatning for trakasseringa og tapet dei hadde vore utsette for i Bodø. Dermed vart smuglinga i Bodø ei utarikspolitisk sak, mellom England og den svensk-norske staten. Og utanriksministeren vår var svensk.
Og Sverige – den svenske kongen og den svenske regjeringa – var av mange grunnar avhengige av eit godt forhold til England. Mellon anna handla det om å få hyggelege tollsatsar for trelast til England. Dei bøygde unna for dei engelske krava. Det var gjort «uhyrlige og uhørte valdshandlingar» i Bodø, slo den svenske utanriksministeren fast.
I verket Norsk utenrikspolitikks historie hevdar Alf Kaartvedt at den svenske kongen og den svenske regjeringa sette etablerte spelereglar til side for å tvinge fram ei erstatning frå den norske staten. Og slik vart det. Den norske staten måtte betale dei engelske smuglarane 120.000 spesidalar for tort og svie, ein enorm sum den gongen. Og den norske statskassa var godt som botnskrapa.
Den britiske ministeren slo fast at «Englands handelsinteresser og rennomé krever en erstatning ved offentlig handling». Det var «uomgjengelig nødvendig å vise at England ikke ville tillate at deres borgeres rettigheter blir krenket ustraffet».
I tida som kom, i 1820- og 30-åra, vart det gjort mange forsøk frå Stortingets side for å få ny sakshandsaming for å rette opp uretten som hadde skjedd. Det var til fånyttes. Makta hadde tala, og retten måtte vike.
Og den norske staten hadde ikkje makt til å verne seg mot denne makta. Det måtte det gjerast noko med. Kampen om makta i utanrikspolitikken kom til å utløyse den unionsoppløysinga som tvinga seg fram då hundreåret var slutt. Stortinget hadde ikkje gløymt lovløysa i Bodø.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.