Frå matfatet

Verpehøne

Eg har nokre høner å plukke med Mattilsynet.

Skjørt, sunt - og farleg? Eggeplommer skal ikkje vere på hønekroppar, har Mattilsynet slått fast.
Publisert Sist oppdatert

Er det nokon der ute som ikkje let seg hisse opp av matsvinn? Sjølv vert eg vert kokforbanna av å finne brødskorper i brødskuffa som er så grøne / kvite / steinharde at dei rett og slett ikkje let seg ombruke, ostebitar som har gøymt seg i påleggsboksen i kjøleskåpet og slett ikkje er dei delikatessene dei ein gong var og middagsrestar som er for små til å verte lunsj dagen etter.

Alt dette er irriterande og unødvendig. Men det er ikkje det verste matsvinnet. For verre er det når tusenvis av tonn med mat ikkje får sjansen til å verte eten i det heile – fordi han ikkje høver inn i regelverket. Verst er det skjulte matsvinnet – det vi ikkje ein gong merker eksisterer.

Har du, til dømes, merka at Gullhøna er vekke frå matbutikkane? Det vart ein viss merksemd kring tema då NRK Brennpunkt i 2017 dokumenterte at 3,6 millionar utrangerte, men like fullt kjøtdekte verpehøner kvart år vert destruerte og i beste fall brukte som industriråvare. Berre eit fåtal av dei – mellom fem og ti prosent - gjekk til mat.

No er det talet monaleg mykje lågare. Knapt ei einaste høne har vorte slakta som mat i Noreg sidan i fjor vår. Nortura har gjeve opp.

Årsaka er ikkje i høna. Ho er den same som før. Årsaka er heller ikkje i marknaden – det var ikkje sviktande sal som fekk Nortura til å slutte å få slakteriet Gårdsand til å slakte høner for seg.

Årsaka er Mattilsynet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement