Frå matfatet
Vegetarisk Toro
Lågt klimaavtrykk treng ikkje vere noko å skryte av.
Slik kan ein vegetarisk middag sjå ut – heilt utan Toro.
Foto: Pxhere.com
Når Toro no lanserer ein serie vegetariske middagar, forklarar dei mellom anna satsinga med at «vegetarisk er en sterkt voksende trend». Allereie der trur eg dei bommar: Eg trur ikkje meir grønt og mindre kjøt i det norske kosthaldet er ein trend. Eg trur det er noko som er kome for å bli.
Ikkje at vi skal ned på Gunhild Stordalens 14 gram om dagen. Heller ikkje at vi skal rekne oss blinde på klimagassutslepp frå eit fornybart metankrinsløp. Men at vi skal sjå litt på den delen av kjøtforbruket vårt som har eksplodert dei siste tiåra – og då snakkar eg særleg om fjørfekjøt, svinekjøt og tilarbeidde produkt (til dømes pølser, burgarar og kjøt i ferdigrettar).
Vi kan godt tenke litt meir kvalitet når vi et mat høgast i næringskjeda – som kjøt er. Vi kan tenke dyrevelferd, helse – og klima. Men det treng ikkje innebere at vi må ta til takke med alt matbransjen serverer oss som vegetarisk med lågt klimafotavtrykk. Det vil framfor alt ikkje seie at vi treng å kaste oss over den nye vegetariske middagsserien til Toro.
Mykje må kjøpast
For kva er det eigentleg vi får i den serien? Grønsaklasagne, grønsakbolognese, chili sin carne og indisk linsegryte er rettane Toro har laga for oss. Eller har dei eigentleg det?
Vi treng ikkje sjå lenger enn til framsida av posane for å oppdage at dei har overlate temmeleg mykje til oss forbrukarar: Grønsakbolognesen skal tilsettast hakka tomat, linser på boks, gulrøter og purre. Til lasagnen må vi sjølve stille med gulrot, spinat, sopp, mjølk og ost, i chiligryta står vi for tomatar på boks, bønner og paprika – og i den indiske linsegryta har Toro overlate både linser, kokosmjølk og blomkål til meg og deg på kjøkkenet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.