Frå matfatet
Vegetarisk middag
Ein grøn kvardag vert grå om han kjem med massevis av ekstra prosessar.
Det bognar: Å velje vekk kjøt og fisk treng ikkje innebere at mangfaldet vert valt vekk.
Foto: Pxhere.com
Eit nytt år er over oss, og som dei fleste andre vil det fyrst og fremst vere sett saman av kvardagar. Dagar som går etter eit fast mønster: Vi står opp til same tid, går på same jobb eller skule og har altfor dårleg tid til å lage middag.
Høyrest det traurig ut? Vi er raske til å trekke fram alle dei spesielle tinga som skjer i løpet av eit år, men likevel trur eg dei fleste av oss set stor pris på desse heilt vanlege dagane. Dei næraste folka, dei daglegdagse gjeremåla og den heilt vanlege maten.
Små endringar gjer vi likevel heile tida. Som at stadig fleire av oss et litt mindre kjøt. Ulike undersøkingar gjev litt ulike svar, men i det minste seier over halvparten av oss at vi er villige til å redusere kjøtforbruket vårt. Om vi i realiteten et meir eller mindre, kjem an på kor lange linjer vi dreg opp: I 2020 åt vi 35 kilo meir kjøt kvart år enn vi gjorde på 1970-talet, men samstundes hadde vi ikkje ete mindre kjøt sidan 1999, ifylgje Animalia.
Denne auka interessa for vegetarisk kosthald er hovudårsaka til at Mattilsynet i fjor tok seg bryet med å analysere innhaldet av næringsstoff og uønskte stoff i 25 plantebaserte middagsprodukt og drikkar: Dei ynskjer mellom anna å oppdatere den offisielle matvaretabellen med næringsopplysningar for fleire vegetariske alternativ.
16 av dei 25 produkta er middagsprodukt, og med eitt unnatak er dei alle saman etterlikningar av kjøtprodukt. Unnatak er kikertbasert falafel frå Hälsans Kök. Dei andre 15 produkta er kjøtbollar, burgarar, pølser og farsar laga med base i smaklause og ultraprosesserte proteinkjelder som soya- og erteprotein. Korleis vert då næringsinnhaldet i dei ferdige produkta?
Overeting
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.