Frå matfatet

Vatn på TikTok

Etter #WaterTok er ikkje vatn lenger kva det var.

Vatn gjev mykje moro og mange klikk på TikTok. Men er trenden sunn?
Vatn gjev mykje moro og mange klikk på TikTok. Men er trenden sunn?
Publisert Sist oppdatert

OK. Du veit når dagen din byrjar med at du vert sittande fast i internett? I ei kjede av små videoar som er så groteske at du ikkje orkar å sjå på dei, men samtidig så fascinerande at du ikkje klarar å slutte? I dag var det meg.

Eg vil seie det byrja temmeleg uskuldig: På leiting etter nytt tema til denne spalta googla eg «mattrender 2024». Kanskje kunne det dukke opp noko eg ikkje visste om frå før? Og gjett om det gjorde.

Eg bladde forbi reine råvarer, mindre ultraprosessert og mindre alkohol medan eg tenkte at jo, høyrest bra ut, men eg tvilar på om det gjeld for alle. Dette er mattrendar for middelklassen.

Kor må eg gå for å finne mattrendane til vanlege folk, skal tru? Svaret slo imot meg: TikTok, sjølvsagt. Det vert mitt fyrste møte med #WaterTok.

Ein halv time seinare sit eg framleis og ser på videofilmar av folk som filmar seg sjølv medan dei lagar – vatn. Ja, det stemmer: Veldig blide og energiske folk blandar vatn med isbitar og ulike smakstilsetningar frå spruteflasker med sirup og små porsjonsposar med pulver, medan dei fortel om kor viktig det er å drikke nok, og meiner at det dei presenterer, er oppskrifter.

Med andre ord: #WaterTok-trenden er vatn med tilsett smak. Og han er enormt populær: Emneknaggen har over ein milliard treff på TikTok, og sjølv i den verda er det temmeleg mykje.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement