Vatn med smak

Det burde vere enkelt, men endar i ei verd der ingenting er som du trur.

Det meste høver i vatn. Så kvifor gjere det så komplisert?
Det meste høver i vatn. Så kvifor gjere det så komplisert?
Publisert

Ja, vi er komne dit i dag at vi må skrive ei eiga spalte om å sette smak til kaldt vatn. Med det meiner eg ikkje å seie at det må vere ein dårleg dag. Tvert om: vatn er godt i seg sjølv, og vi er pukka nøydde til å drikke det, men nett difor kan nokon og kvar ynskje seg at det smakar lite grann annleis no og då, og då er det ingen dårleg idé å smaksette det. Verda er trass alt full av smakar, og ei heil rekke av dei gjer seg godt i vatn.

Men kvifor må det vere så frykteleg komplisert?

Infu-eit eller anna

For no heiter ikkje å smaksette vatn å smaksette vatn lenger. Ifylgje te-giganten Twinings heiter det cold infuse. Dei har nemleg laga ein heil serie Cold Infuse-produkt: frukt-, bær- og urteblandingar i pose som ein puttar i ei flaske vatn, lèt stå i fem minutt, ristar og drikk.

Produktnamnet vert kanskje kaldinfusering på norsk. Eg skriv kanskje fordi eg ikkje finn infusere i norske ordbøker. Eg finn substantiva infusjon (men det er eit medisinsk omgrep nytta om innføring av store væskemengder under huda, i ei vene eller ein kroppsopning) og infus. Sistnemnde definert som ekstrakt eller uttrekk av plantedelar – nytta som medisindrikk.

Ein infusjon vert nytta om eit uttrekk – varm te er eit døme på dette, kaffi eit anna. I røynda kan vi trekke smak ut av det aller meste ved å putte det i vatn. Vi gjer det med fisk og kjøt for å lage kraft og buljong, til dømes.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement