Vatn
Hald vatnet mitt nøytralt.
Magi i ein drope vatn. Treng mennesket verkeleg prøve å forbetre det? Foto: Pxhere.com
Lytt til artikkelen:
Vatn kan vere det enklaste som finst. Det er berre å opne springen, stikke tunga ut når det regnar, krumme nevane ned i ein bekk, smelte ei bøtte med snø eller kondensere ei sky, det, så drikk du deg utyrst. For vatn har vi overalt, og alt overalt har vatn – kring 60 prosent av kroppen vår, 80 prosent av ei gulrot, 90 prosent av ein mjølkedrope, ja, 71 prosent av heile den store, varierte, kompliserte planeten vår er vatn.
Men det var sjølvsagt ikkje nok. Ikkje for oss menneske, ikkje i overflodsdelen av verda, vi kan ikkje nøye oss med vanleg vatn lenger. Vi må drikke alkalisk vatn, og no har det – ifylgje produsenten – endeleg kome til Noreg: «Cool-vannet er norsk vann, bare bedre», seier produsenten som no lanserer sitt nye «supervann» mellom anna på 7-Eleven og som abonnementsteneste: «Det er 100 % rent vann fullt av mineraler. Mineralene gir vannet en pH verdi på +/–8 som gir en frisk god smak og er sunt for kroppen», held dei fram. Ja, gründer Harald Maartmann er endå meir konkret til bransjetidsskriftet Dagligvarehandelen: «Dette er med på å balansere syrenivået i kroppen, hvilket kan ha en helsemessig gunstig effekt», seier han her.
Årsak eller verknad
Basisk vatn, altså, sidan pH-verdien er ei grad over det nøytrale 7, frå ein skala som går frå 0 (som oftast dødeleg surt) til 14 (gjerne like dødeleg basisk). Der er middelvegen ofte eit godt alternativ: Alle legar i verda er samde om at pH-balansen i kroppen vår ikkje bør kome i uorden. Men der stoggar semja.
Til dømes meiner Harald Maartmann på si side at å drikke alkalisk (basisk) vatn kan hjelpe kroppen å handtere sjukdommen kronisk metabolsk acidose – ein tilstand som «er årsaken til at mange utvikler degenerative sykdommer som gikt, leddgikt, nyrestein og type 2 diabetes».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.