JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Vanilje

Ekte vanilje kostar no meir enn sølv, men ingen veit kvifor.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4175
20180615
4175
20180615

Ekte vanilje har aldri vore billeg. Kvifor ikkje, skjønar vi når vi høyrer kva som ligg bakom den aromatiske orkidebelgen:

Vaniljestang er belgen i blomen til orkideen Vanilla planifolia. Kvar orkideblome må pollinerast for å utvikle frøbelgen som til sist vert vaniljestanga vår. Sjølv om det finst insekt som kan pollinere vaniljeorkideen, er sjansen for at det skjer og vert vellukka, berre 1 prosent. Dette kan ikkje produsentane leve med, og konsekvensen er at kvar einaste pollinering vert utført av ei menneskehand.

Haustinga er like arbeidskrevjande. Frøbelgane modnar ulikt og må plukkast individuelt. Etter haustinga vert belgen «drepen»: enten ved høge eller låge temperaturar vert veksten stoppa. Då byrjar enzymatiske prosessar – starten på ei velaromatisert vaniljestong.

Belgane skal vidare «sveitte»: Ved å pakke frøbelgane varmt og fuktig i sju til ti dagar set ein i gang hydrolyse og oksidering som vidare utviklar smak og lukt. Så vert belgane tørka ned til 25–30 prosent av opphavleg vekt, aller helst i eit miljø av vekslande sol og skugge i tre til fire veker. Til sist skal smakane utvikle seg på lager i fem–seks månader.

Før bobla brest

Inga enkel sak, med andre ord. Det same kan ein for tida seie om heile vaniljemarknaden, som i stor grad spelar seg ut på Madagaskar. Øya står for 80 prosent av vaniljeproduksjonen i verda.

For tida kan det synast som eitt og anna har rotna heller enn gjæra på paradisøya. Vanilje er det nest dyraste krydderet i verda og kostar for tida meir enn sølv (4500 mot 3500 kroner per kilo). Det er ikkje vanleg. Ei av årsakene er ein syklon i 2017, men han forklarar på langt nær heile prisauken. Noko er kanskje auka etterspurnad, noko rykte som går, men ingen veit sikkert kvifor vaniljen for tida er så dyr at sjølvaste Nestlé reduserer innhaldet i iskremen sin. Altså veit ingen heller kor lenge pristoppen kjem til å vare.

Likevel – og det er ikkje så vanskeleg å forstå, eigentleg – sluttar no folk på Madagaskar å dyrke mat til seg sjølve og byrjar å dyrke vanilje i staden.

For fem år sidan kosta eit kilo vanilje ein stad mellom 5 og 20 prosent av det han gjer i dag. «Folk kjøper bilar og motorsyklar dei ikkje ein gong vil ha råd til å fylle med bensin når vaniljeprisane krasjlandar», seier ein landbruksekspert til Financial Times.

Sjølv midt i vaniljeboomen er det fåtalet som tener pengar på det svarte sølvet. Pengane hamnar hos oppkjøparar, eksportørar og mellommenn. Det moderne vaniljeeventyret verkar å stinke monaleg mykje verre enn det burde.

Ei nyttig påminning

Så kva skal vi gjere? Er det på tide med det endeleg skiftet: frå vanilje over til vanilin? Dessverre: Det korte svaret er nei.

Aromastoffet vanilin kan framstillast syntetisk i laboratorium, vinnast ut av petroleum eller hentast ut av grantre. Det er på ingen måte noko gale med vanilin, men det er ikkje, og vert aldri, vanilje.

Vanilin er aromastoffet vanilin, medan det i vanilje er definert 171 aromatiske ingrediensar. Å seie at vanilin kan erstatte vanilje er som å seie at ein dildo kan erstatte sex: Jau, han tilbyr ein sentral komponent, men er temmeleg langt frå den totale opplevinga.

Svaret er, dessverre og heldigvis, meir komplisert. I det store biletet er det svarte vaniljeeventyret sjølvsagt eit døme på kvifor vi må slutte å late verdsmarknaden spekulere i matvarer. Det er liten tvil om at Fair Trade-sertifisering er ei ordning med store hol og manglar, men dei vert likevel bagatellar om ein jamfører med status quo.

Nett no får truleg Fair Trade-sertifiserte vaniljebønder lågare betalt for vaniljen sin enn konkurrentane, men skilnaden er at dei er garanterte denne betalinga uavhengig av kva verdsmarknaden seier. Og føreseieleg og langsiktig planlegging er nettopp grunnlaget for god, berekraftig og levedyktig matproduksjon.

På kort sikt må vi truleg leve med at vi ikkje kan få nett så mykje vanilje som vi ønsker. Ei såpass lita og uskuldig påminning om at vi ikkje alltid kan få alt vi ynskjer oss, har vi mest truleg berre godt av.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er ikkje noko

gale med vanilin,

men det er ikkje,

og vert aldri, vanilje.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis