Vanilinsaus
Om begge juksar, kan likevel éin gjere det betre enn den andre.
Vanilje eller vanilin? Det kan vere det same, så lenge vi er ærlege og det er rikeleg av det.
Foto: Andreas Praefcke / Wikimedia Commons
Det står to kartongar med vaniljesaus ved sida av kvarandre på Spar. Dei er temmeleg like: Begge rommar éin liter, begge kartongane er gule og fylte med bilete av friske bær, og begge har kork på toppen. Ja, sjølv prisen er den same: 29,90 per liter for vaniljesausen merkt Piano, og nett det same for vaniljesausen frå Eldorado.
For ikkje å snakke om at dei begge to gjev seg ut for å vere noko dei ikkje er. Du kan nemleg ikkje vere vaniljesaus utan å innehalde vanilje, og det gjer ikkje desse to sausane: Vanilje er verken meir eller mindre enn ei frukt frå ei plante i orkidéfamilien, tørka og fermentert på eit vis som får fram sterke og komplekse aromaer så samansette at ein har klart å isolere over 40 ulike aromaer i lukt og smak frå éi enkel vaniljestong. Det mest framståande aromastoffet er vanilin, og det er det einaste Tine og Eldorado nyttar i vaniljesausane.
Vanilin er mellom anna å finne naturleg i grantrevirke – nærare bestemt i lignin, som er den delen av trestokken det er vanskeleg å nytte til andre ting når stokken er komen på ein papirfabrikk. Å nytte noko av han til å produsere god smak er det med andre ord ingenting i vegen for. Han er berre ikkje vanilje.
Ekte feilvare
Difor går vi no, når vi skal sjå nærare på innhaldet i dei to nemnte kartongane, vekk frå å feilaktig kalle dei vaniljesaus – det er vanilinsaus vi kjøper, om vi no vel Eldorado eller Tine. Det kan vere meir enn godt nok, det. Eller ikkje. For ein kunne i utgangspunktet tenkje seg at to nærast identiske sauskartongar til identisk pris hadde nærast identisk innhald. Det er langt frå sanninga i dette høvet.
Attom kartongen merkt Piano står mjølkesamvirket Tine. Difor skulle det berre mangle at fyrste ingrediens på innhaldslista er heilmjølk, og at den neste er kremfløyte. Når Matprat.no fortel oss korleis vi skal lage fin, gamal vaniljesaus, bruker dei ikkje eingong fløyte – berre mjølk. Dei bruker derimot egg, det gjer ikkje Tine. Tine brukar modifisert maisstivelse og stabilisatorane johannesbrødkjernemjøl, guarkjernemjøl og karragenan for å gjere vaniljesausen tjukkare.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.