Diktet
«Ungjenta representerer nytida, medan bestemor står for tradisjonar»
Les om diktet ved denne bredden har valne hender av Rawdna Carita Eira.
Foto: Seppo Samuli / Norden.org / Wikimedia Commons
I sumar opna eg Fra fjord til fjell, bygdebok frå Velfjord. Der har forfattaren Rawdna Carita Eira på prent artikkelen «Å følge en drøm», som handlar om den store ambisjonen familien hennar hadde då dei kom flyttande til Velfjord i 1978: Dei ville gjenopprette reindrift i fjella der. Det er ein spennande artikkel om eventyr, risiko og hardt arbeid med reindrift, i eit område der dei var så å seia einsame om oppgåva.
Kanskje er mange av dikta i løp svartøre løp / ruohta muzetbeallji ruohta (2011) frå barndomen hennar i Velfjord? Samlinga handlar om reinsdyret Svartøre, ei ung jente, og áhkku, bestemor på norsk. Det er altså tale om spenn i alder. Ungjenta representerer nytida, medan bestemor står for tradisjonar.
Nytida kjem til uttrykk i diktet nedanfor, med moderne ord som «animalske enzymer». Det er ein teknologisk kunnskap som bryt med fordomar om samar som usiviliserte, om det er samen som farleg sjaman eller som «den edle ville».
Diktet handlar om korleis ein brukar «løypemage» til rein som råvare til osteproduksjon. Men det moderne eg-et tykkjer likevel reinsdyrost smaka for bittert og vel å drikke kaffien utan når ho legg seg. Kanskje handlar dette om ei ny grensesetjing. Ikkje alt ynskjer den unge jenta å ta med seg vidare. Det heiter i andre dikt at dei drikk kaffi med geitost. Men i andre dikt handlar det om å halde seg inne med samiske tradisjonar, også magiske førestillingar. Slik lyder eit anna dikt: «holder du ikke boltepistolen/ fast nok mot pannebrasken/ reiser reinoksen seg/ på vei mot den andre siden/ ser på deg/ fester det brustne blikket/ blikket som aldri slipper».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.