JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Tung start

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Johann Sebastian Bach, Albert Einstein og Gregor Mendel hadde ein tung start på karrieren.

Foto: NTB scanpix / Wikipedia

4455
20180105
4455
20180105

Johann Sebastian Bach vart fødd i 1685. Ti år gammal vart han foreldrelaus. Musikk skulle bli livet hans. Men det vart ein bratt veg å gå. Han ville endre kyrkjemusikken slik at musikken kom nærare kyrkjelyden. Det var ikkje populært. Han «blanda så mange underlege variasjonar og framande tonar inn i koralen at kyrkjelyden vart heilt forfjamsa», vart det sagt då han var organist i Arnstadt. Det, og anna, påførte han ein streng reprimande. Det var konfliktar rundt Bach.

I 1723 søkte han stillinga som kantor ved Thomaskyrkja i Leipzig. Der vart han innstilt på tredjeplass. Det viste seg då at dei to første hadde søkt stillinga for å presse opp lønna heime. Det verka, og dei trekte seg. Så gjekk tilbodet til tredjemann, Bach. «Når ein ikkje kan få den ein vil ha, får ein ta den ein kan få», står det i protokollen. Han skreiv ufattelege mengder med musikk, til kvar einaste søndagsgudsteneste, og han dreiv med kor og undervisning. Som komponist var han ein lokal storleik. Lite av det han skreiv, vart trykt i levetida hans. Dei store i tida var andre: Teleman, Händel og Vivaldi. Bach var god til å sette opp og justere orgel, og han reiste mykje rundt på slikt arbeid. Framleis finst det orgel i bruk som han har justert. Og han var rekna som ein suveren organist.

Så døydde han i 1750, 65 år gammal, og vart langt på veg gløymd. Nokre få kjende til musikken hans, ikkje mange.

I 1829 samla Felix Mendelsohn Bartholdy ein del musikarar i Berlin, og dei sette opp Matteuspasjonen. Og det starta den store Bach-renessansen, 80 år etter hans død. Sidan gjekk det berre oppover. Og i dag ruver han over nesten alle andre.

Mendelsohn vart aldri trøytt av å peike på at når protestantismens største salmekomponist skulle løftast fram frå gløymsla, var det ein flokk samanraska musikarar, leia av ein jøde, som måtte gjere det.

Albert Einstein vart fødd i 1879. Som barn hadde han store problem med å lære å snakke. Foreldra var så urolege over dette at dei tok kontakt med ein lege om problemet, og søstera fortalde sidan at dei var redde for at han aldri skulle lære å snakke.

Einstein var ingen vellukka student. Som 17-åring kom han inn på Zürich polytekniske skole, ein teknisk skole og lærarskole. På eit kurs i fysikkeksperimentering for nybyrjarar fekk han dårlegaste karakter, delvis fordi han sjeldan møtte opp. Så gjekk det betre. Til tentamen i 1898 vart han best i klassen, før han ramla nedover på lista året etterpå. Ei innlevert forskingsoppgåve plasserte han nest sist i gruppa, der han også hamna ved avsluttande eksamen. Og universitetet ville ikkje ha han. Der fekk han ikkje jobb. Så måtte han skaffe seg eit levebrød på eit patentkontor, som kontorist der.

Ved sida av kontorjobben dreiv han med vitskapleg arbeid, og i 1905 publiserte han fire artiklar som revolusjonerte fysikken, om tid og rom, om det største og det minste, om universet og partikkelfysikk. Rådande lære då var at fysikken var teoretisk fullmogen. Det var berre målingar som stod att. Einstein endra alt. Tida var relativ, og rommet krumma seg. Energi og materie var det same. Alt vart endra. Noko så dramatisk hadde fysikken aldri opplevd. Og i dag lever vi i ei verd han langt på veg har forma, med fotoelektriske celler og laserar, med atomkraft og fiberoptikk, med romfart og eit ekspanderande univers, og mykje meir.

I dag tel han blant dei største, som Aristoteles og Newton. Men universitetsjobb fekk han ikkje før i 1909, fire år etter at han revolusjonerte fysikken. Einstein fekk nobelprisen i fysikk i 1921.

Gregor Mendel vart fødd i 1822 i Mähren. Med tida kom han i kloster og vart prest. Det vart kombinert med naturstudiar. Han, som mange før han, undra seg over korleis det kunne ha seg at eit barn kunne likne på faren, på mora, på bestefaren eller ein annan slektning, utan noko eintydig mønster. Han byrja med å krysse erteplantar og kom såleis til å avdekke lovene for korleis eigenskapar går i arv. Han grunnla arvelæra, ein prestasjon som gjev han ein heidersplass i vitskapshistoria.

Så vart han og arbeidet hans gløymt. Han døydde i 1884 og vart heidra som den prelaten og det samfunnsmennesket han var. Erteblomane og arvelovene var gløymde.

I 1930 var det tre vitskapsmenn som, samtidig, fann og oppdaga arbeidet hans. Og då hadde han lege i grava si i nesten femti år. Då først kom æra og ettermælet på plass.

Bach, Einstein og Mendel lyser for all ettertid. Men samtida si hadde dei problem med.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis