Tulipanar i Amsterdam
Ei satireteikning over tulipanmanien av Jan Brueghel d.y. (ca. 1640).
Verdsøkonomien er inne i halen av ei internasjonal finanskrise. Den store amerikanske banken Lehman Brothers, med forgreiningar i mange land, gjekk konkurs og skapte dermed problem som spreidde seg verda over. Bankar kom i vanskar, både her og der, og regjeringar måtte inn med skattepengar for å berge bankvesenet.
Dette krakket innleidde den lengste nedgangsperioden i vestleg økonomi sidan mellomkrigstida, og det vil nok få ein trygg plass i økonomihistoria, saman med alle dei andre krakka vi har sett dei siste hundreåra.
Det kan sjå ut til at slike krakk høyrer til tida etter at bankvesenet var etablert og hadde vakse seg inn i heile økonomien. Når ein bank vakla og fall, drog han gjerne fleire med seg. Bankane gjorde handel lettare og enklare, men næringsdrift vart meir risikabelt. Bankane kunne spreie økonomisk uhelse. Lokal sjukdom kunne bli til farang.
Den første hendinga av dette slaget i europeisk økonomi, kalla eit krakk, handla om tulipanar.
Tulipanen kom til Europa frå Det osmanske riket midt på 1500-talet. I 1593 fekk ein flamsk botanikar sendt tulipanar frå keisarens ambassadør til sultanen. Han skapte sin eigen hage, og det heile var i gang.
Tulipandyrkinga vart snart svært avansert, med utrulege fargevariantar. Her hadde dei hjelp av eit påført virus, TBV (tulip breaking virus), som styrte fargeutviklinga i mange retningar.
Tulipanane vart snart eit ettertrakta luksusgode og statussymbol, fortel Wikipedia. Namnebruken vart bokstaveleg tala blomstrande: admiral ditt eller general datt, eller namn frå historia, som Scipio og Aleksander den store.
Handelen var i vokster, og det vart utvikla finansinstrument som peikar mot vår tid.
Frå juni til september kan knoppane rykkjast opp og plantast om. I den perioden var det enkelt å handle i ein spotmarknad. I resten av året kunne ein binde seg til å kjøpe løkar ved sesongslutt – det vi kallar terminkontraktar. Og spekulasjon i marknaden, det vi kallar shortsal, vart forbode.
Og prisane steig. Innan 1635 var det registrert eit sal på 40 tulipanløkar for 100.000 florinar. Eit tonn smør kosta då 100 florinar, og ein faglært arbeidar kunne tene 150 florinar i året. Éin historikar fortel om ein løk, ein semper augustus, som vart seld for 49.000 kvadratkilometer jord. Folk selde det dei hadde, for å spekulere i tulipanmarknaden.
200 år seinare skriv ein historikar: «Mange vart brått rike. Ein gyllen sjanse låg rett framfor dei, og ein etter ein hasta dei til tulipanmarknaden, som fluger rundt ei honningkrukke. Alle tenkte seg at lidenskapen for tulipanar ville vare evig, og at dei rike frå alle verdsdelar ville kome til Nederland og handle og betale det det måtte koste. Europas rikdom skulle bli konsentrert rundt kysten av Zuyder Zee, og fattigdommen skulle vere bannlyst i Nederland.»
Slik gjekk det ikkje. I februar 1637 nådde tulipanprisane taket. No ville ingen vere med oppover i prisgaloppen. Bobla sprakk, og prisane rasa. Nokre sat att med kontraktar som batt dei til å kjøpe løkar for det tidoble av dagens marknadspris, medan andre hadde lageret fullt av dyre løkar som var blitt verdlause.
Regjeringa gjekk inn – det er alltid regjeringa som må rydde opp – og gjorde det lovleg å bryte langsiktige kontraktar mot ei avgift. Opplevinga var sjokkarta og traumatisk. Og det vart skapt kaotiske tankar om kva verdiar er. At ein blomsterløk skulle overstige ei vanleg årsinntekt i verdi, var uforståeleg.
Mykje av det som vart skrive i samtida om dette, og som har vore dominerande historiske kjelder, var skrive for å vise at «fokus på den jordiske i staden for på den himmelske blomen, kunne ha forferdelege konsekvensar», som ein moderne historikar skriv.
Tulipankrakket i Amsterdam er av ettertida nytta som eit døme til skrekk og åtvaring. Slik kan det gå når pengane og gjerrigskapen tek styringa.
Under dotcom-bobla 1995–2001 vart krakket henta fram av kommentatorane, som det også vart etter konkursen til Lehman Brothers og den følgjande krisa.
Den første krisa av dette slaget vart altså utløyst av tulipanar frå Amsterdam.
Andreas Skartveit
Dette er Andreas Skartveits siste tått, som han sjølv kalla tekstane sine. Den første med tittelen «Om brennevinet» stod på trykk 4. mars 2011. Til saman har han skrive fleire enn 750 tåttar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.