Trøystemat

Heilt unødvendig og usunn mat må i det minste fungere sånn reint teknisk.

Dette synet må no kunne berge den verste skitdagen. Eller?
Dette synet må no kunne berge den verste skitdagen. Eller?
Publisert

Akkurat kvifor det er ein dritdag, er ikkje viktig. Kanskje har favorittjakka fått seg ein flekk, bussen gått eller Tinder-matchen enno ikkje svara på meldinga, eller kanskje er det noko heilt anna, noko absolutt ingen andre har noko med. Poenget er at no er det slik, og du ligg der, på sofaen, gjerne, og treng noko å trøyste deg med. Og då kan det hende at sjokoladepålegg rett frå boksen er akkurat det du treng.

Lenge har den norske sjokoladepåleggsmarknaden vore dominert av to merkevarer: Nugatti og Sjokade. Nett det oppgjeret har denne spalta alt teke (sjå Dag og Tid nr. 22 i 2015), og vi tek ingen omkamp. Derimot skal vi sjå nærare på nykommaren: Nutella.

Stor italiensk familie

Nutella er sjølvsagt ingen nykommar. Ikkje globalt. Nutella er det eit av verdas største sjokolade- og nøttepålegg, produsert av det italienske selskapet Ferrero. Trass i stor suksess og over 32.000 tilsette er verksemda framleis ei sjølveigd familieverksemd. Men der sluttar diverre skrytet. Pålegget, som kallar seg eit hasselnøttpålegg, inneheld ikkje meir enn 13 prosent hasselnøtter. Hovudingrediens er sukker, på andreplass kjem den utskjelte palmeoljen. Sukkerinnhaldet er 57 prosent, og 546 kaloriar per hundre gram er litt meir enn potetchips.

Men ikkje noko av dette var det dagen for å tenkje på. I dag skal vi tenkje på komfort, trøyst og kos. Og kva kan vel vere betre då enn Nutella & Go – ein boks med to delar: éin med søt og feit Nutella og éin med brødpinnar («breadsticks») til å fiske herlegdomen ut av boksen og inn i kjeften med?

Ja, dette burde vere banna bein, kos i boks. Men diverre er det langt frå det. Det største problemet med Nutella & Go er rett og slett at det ikkje fungerer – sånn reint teknisk, meiner eg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement