Frå matfatet

Torsk

Om fisken er rein, har mykje anna kome til langs vegen frå hav til butikkhylle.

Det har vore lofotfiske før, her i 1972, og det er lofotfiske i år òg. Men kven tener på torsken?
Det har vore lofotfiske før, her i 1972, og det er lofotfiske i år òg. Men kven tener på torsken?
Publisert

Denne veka skal vi ikkje bruke tida på kva som eventuelt er skilnaden på torsk og skrei. Nei, vi lèt biologi vere biologi og held oss innanfor monaleg meir upresise vitskapar: marknadsøkonomi.

For dei fleste har no fått med seg at torsken er på full fart inn mot Lofoten. Det vert lofotfiske, slik det har vore kvart år i uminnelege tider, berre ikkje heilt som i fjor (har det nokon gong vore det?), fordi vi på grunn av ein velkjend pandemi ikkje får tak i nok utanlandsk arbeidskraft til å sløye fisken og styre fileteringsmaskinene.

Så langt, så vondt og vanskeleg for arbeidslause nordmenn som ein stund trudde dette var sjansen deira til oppleve eit vaskekte eventyr, kor kaldt og vått det enn er. Vondare for fiskeribransjen som, av ulike og meir eller mindre legitime grunnar, ikkje vil sleppe dei til.

Men kva med dei som faktisk hentar fisken opp frå lofothavet? Fiskarar er sjølvstendig næringsdrivande utan direkte ansvar for kven som står og tek imot fisken på land. Korleis påverkar situasjonen dei?

Låge prisar

Jau, dei vert råka av fallande råvareprisar, temmeleg sterkt fallande råvareprisar: I skrivande stund er prisen på sløgd og hovudkappa torsk 26,51 kroner per kilo. Det er kring ein fjerdedel lågare enn på same tid i fjor – 34,82 kroner per kilo.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement