Torsk
Ekte lofottorsk reiser ikkje til Kina.
Ein liten lofottorsk kan måtte reise langt og lenger enn langt for å finne ein middagstallerken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix
Kva er dei største manglane i utvalet av norske daglegvarer? Nei, det er truleg ikkje fråvær av italienske olivenoljar, chilenske spontangjæra vinar, og andre sterkalkoholar for den del, eller japanske tangburgarar. Problemet ligg nærare enn som så: Truleg er den største mangelen at det i gras- og havlandet Noreg skal vere så forbaska vanskeleg å få tak i fersk fisk og kjøt som har ete gras.
Det er nok fleire årsaker til at det er slik – nokre av dei kan til og med vere gode. Noreg er eit stort land med mange matbutikkar, og å frakte ferske varer til dei alle saman har sine utfordringar. Men samstundes: Få varer har kortare levetid enn fersk mjølk. Og det finst ikkje ein einaste daglegvarebutikk i Noreg som ikkje har fersk mjølk.
Mangfaldsproblem
Kvifor er det så mykje vanskelegare med fisk? Kanskje kan det ha med leverandørstrukturen å gjere: Der vi har svært få, store produsentar av konsummjølk, er fiskeforedling framleis ei næring med rom for små aktørar. Ja, eg skriv «med rom for», for eg meiner det jo burde vere ein styrke: Å konsentrere fiskeforedlinga på færre aktørar har så mange negative konsekvensar i andre retningar at å ha det som mål for å få meir fisk inn i daglegvarehandelen, knapt er å tenkje på eingong. Derimot bør gjerne daglegvarebransjen og fiskenæringa sette seg saman og finne ut av korleis dei løyser eit felles mål: å få nordmenn flest til å ete meir fisk.
No har utsegna modifikasjonar, men om det er mogleg å få tak i fersk fisk på Kiwi, Rema eller Coop Marknad, dreier det seg om bitte små filetporsjonar overinnpakka i plast og med ein kilopris sju–åtte gonger over det fiskaren får for råvara. Det er rett og slett ikkje særleg å verte mett av.
Då vert vegen kort over i frysedisken. Om det ikkje er nokon dårleg veg, kan han verte lang. Innfrysingsteknologien har etter kvart vorte så god at frosen fisk knappast står etter fersk i kvalitet, men at vi framleis, i 2020, kan ende opp med torskefilet som har vore tur-retur Kina, er ikkje særleg mindre enn ei skam.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.