Frå matfatet
Tørrfisk
Nordmenn må snarast få høve til å smake på den eldste mateksportartikkelen vår.
Fisk på hjell: Kan du tenke deg ein meir miljøvenleg måte å foredle fisk på?
Foto: Berit Roald / NTB
Tenk på dette: I fjor eksporterte Noreg 23,5 millionar sjømatmåltid kvar einaste dag – og då har eg teke oppdrettslaksen ut av reknestykket. Det er ganske tøft, er det ikkje? At havområda utanfor kysten vår klarar å produsere så mykje fisk heilt på eiga hand, og at vi klarer å hauste og ta vare på alle godbitane?
Vi har hatt mange år å trene oss på, då. Den fyrste forteljinga om eksport av skrei frå Alsta til England står i Egils saga frå om lag 875. Truleg skaut eksporten av tørrfisk over Nordsjøen, både til England og sørover mot Tyskland, fart kring 1000-talet, og historia fortel at vi har eksportert tørrfisk til Italia sidan 1432. I januar det året stranda nemleg den venetianske kjøpmannen Pietro Querini på Røst i Lofoten. Han skulle eigentleg ikkje lenger enn til Belgia, men vart blåst nordover.
På Røst tok fiskarbønder imot han, og Querini lét seg fascinere: «I årets løp fanger de en uhyre mengde fisk, av særlig to arter. Den ene, som finnes i store, ja umåtelige masser, kalles stokkfisk (...). De tørker stokkfisken i vinden og solen uten salt, og da disse fiskene ikke inneholder stor fuktighet eller mye fett, blir de tørre som tre. Når de skal spise dem, slår de dem med øksehammeren, og dermed blir de tråete som sener; derpå tilsetter de smør og krydderier for å gi dem smak.» (Norgeshistorie.no.)
Historia fortel vidare at då Querini til slutt vende heim til Venezia, tok han den fyrste tørrfisken med seg i lasta. Truleg stemmer ikkje dette. Tørrfisk har nok kome til Italia over både sjø og land endå tidlegare. Men tradisjonen er iallfall både lang og i høgste grad levande den dag i dag: I november i fjor vart det sett ny rekord med 420 tonn eksportert tørrfisk.
No prøver næringa å etablere tørrfisk frå Lofoten som ei merkevare på linje med parmaskinke og champagne. Det skulle berre mangle. Men delikatessa skil seg frå dei store, europeiske merkevarene på eitt sentralt punkt: at vi ikkje et matvara sjølve.
Delikatesse
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.