To kjønn posisjonerer seg
Den iranske sjakkdommaren Shohreh Bayat kasta hijaben under verdsmeisterskapen i sjakk for kvinner i Shanghai 6. januar i år.
Foto: Lewis Liu / Fide / Reuters / NTB scanpix
Då Dag og Tid kom med posten førre fredag, var all merksemd i sjakkverda vend mot to kvinner og to menn. Vi byrjar med kvinnene.
Ein måtte stå opp tidleg fredag morgon for å få med seg avslutninga i Vladivostok, VM-kampen for kvinner mellom tittelforsvararen Ju Wenjun (28) frå Kina og det nye russiske stjerneskotet Aleksandra Gorjatsjkina (21). Denne duellen hadde alt. Det fyrste dramaet kom utanfor brettet ei veke tidlegare, då hovuddomaren, Shohreh Bayat (32) frå Iran, kasta hijaben og gjorde det umogleg å venda attende til heimlandet. På brettet vann jentene annankvar gong med Gorjatsjkina i leiinga etter parti 8, før kinesaren vann både parti 9 og 10. Den russiske utfordraren måtte vinna i det 12. og siste ordinære partiet for å utlikna til 6–6. Og dermed vart det førre fredag spela omkamp i snøggsjakk. Her vann Ju Wenjun, som forsvara tittelen for to nye år.
Den same dagen jaga Magnus Carlsen rivalen Fabiano Caruana (27) i Wijk aan Zee. Carlsen hadde fått opp farten med tre sigrar på rad og låg tre rundar før slutt berre eit halvt poeng bak amerikanaren. Carlsen gjekk offensivt ut mot polakken Jan-Krzysztof Duda (21). «Ingen er så god som Duda», song Halvdan Sivertsen etter at verdsmeisteren måtte seia seg nøgd med remis, men då hadde ein gløymt Caruana. Den amerikanske verdstoaren møtte Duda laurdag og vann på energisk vis, medan Carlsen var attende i remissporet.
Caruana tok 5,5 poeng på dei siste seks rundane i Nederland. «Han spela nokre fantastiske parti mot slutten», måtte Carlsen medgje. Etter 13 rundar stod Caruana attende som vinnar, heile to poeng føre Carlsen på 2. plass. Ein så suveren siger har ein aldri sett i denne turneringa. Carlsen har vunne heile sju gonger, men berre i 2013 tok han ti poeng, slik Caruana fekk i år. Men at Caruana dessutan kom to poeng føre verdsmeisteren, er eit kraftig skremmeskot i det nye året med VM-kamp i november.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?
Foto: The Right Frame Media / Shutterstock
E-tenesta ser deg
Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.