Tine

«... og samvirkeorganisasjonan e blitt te forargels for folk og for fe.»

Tine Kvit Geitost Lagra fekk gullmedalje i World Cheese Awards.
Tine Kvit Geitost Lagra fekk gullmedalje i World Cheese Awards.
Publisert

Dette skulle ha vore eit lite førjulseventyr. I november sende Tine tre ostar til World Cheese Awards, der blåmuggosten Kraftkar gjorde det godt i fjor. I år kom Kraftkar heim utan gullmedalje, medan Tine kom heim med. Den vellagra, kvite geitosten deira var ein av tre norske ostar som vart lønte med det edle metallet i tevlinga.

Gratulerer, Tine! Betre start kan ein vel ikkje få på ei lansering av ein ny ost? Vi er mange som lenge har ønskt oss ein kvalitetsgeitost, ein som verkeleg gjer stas på den norske mjølkegeita og arbeidet geitebøndene har gjort med å betre mjølkekvaliteten det siste tiåret.

Tull

Men så tullar Tine det til. Gullmedaljevinnaren vert ikkje å få kjøpt i butikk – ikkje i ein einaste. Vi forbrukarar kjem ikkje til å kunne ta han med oss heim. Han skal berre seljast i Horeca-marknaden, ifylgje Tine på Twitter, og meldinga er såpass innhaldsrik at de skal få henne i heilskap her: «TINE Kvit Geitost Lagra selges via TINE Partner ut mot hotell, restauranter og kantine kunder. spesialitetssostene inngår det ofte mye manuelt håndverk i produksjon av disse og derfor er også antallet oster færre enn oster solgt i dagligvare som er rigget for volumprodukter.»

Vi ser vekk frå skrivefeila. Slikt skjer. Men innhaldet, det skal vi altså sjå ganske mykje nærare på.

Tine har vore raus med medlemmar som har ysta «på si», så å seie. Konsernet har godtatt at bøndene har halde av mjølk når dei har hatt tid og overskot til å yste, og ringt etter mjølkebilen når det passa dei. Sjenerøst. I tillegg er dei sjenerøse nok til å ta med konkurrentar i bilane deira.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement