Frå matfatet
Tine protein
Meieri med proteinoppheng lagar storm i eit mjølkeglas.
Proteindrikk: Ja, heldigvis er det protein i mjølk.
Foto: Pxhere.com
At Tine lanserer nye produkt om lag på denne tida, er ikkje noko nytt. I daglegvarebransjen er det såkalla lanseringsvindauge fleire gonger i året. At brorparten av produkta ikkje per definisjon er nye, men nye variantar av eksisterande produkt (nye aromastoff i yoghurten og biolaen, til dømes) er heller ikkje anna enn akkurat slik det plar vere – ein tredjedel av nyhenda i matvarebransjen er til kvar tid slike relanseringar.
Produsentane pakkar inn produkta sine i ny emballasje og marknadsfører dei med nye ord, og nokre av dei orda syner til innhald av sunne næringsstoff og fråvær av næringsstoff vi ser på som usunne: lite feitt, lite salt, rik omega 3-kjelde og rik på protein er nokre døme dei fleste av oss nok kjenner frå før.
Og det er nettopp i denne kategorien Tine utmerker seg denne gongen: Av 23 meir eller mindre nye produkt vert 12 marknadsførte som proteinrike.
Mjølk må ha protein
Nokre av dei, til dømes Norvegia lettost og den nye Norvegia smøreost med pepar og paprika, har endåtil fått slagordet «naturlig proteinrik». Og det er dei sånn sett i sin fulle rett til å gjere: Mjølk, som jo er råvara norske bønder har sett Tine til å forvalte, inneheld heilt naturleg ei god mengde protein. Noko anna hadde vore rart: Mjølk er jo laga for at nyfødde dyr skal vekse til, og utan protein vert det ikkje rare muskelveksten verken hjå menneske eller hjå andre dyr.
Kor mykje protein det er i mjølk, varierer likevel mellom dyreslaga. Sau har over 5 prosent, kumjølk ligg mellom 3 og 4, geitemjølk kring 3, hestemjølk er nede på nærare 2 prosent – om lag på linje med menneskemjølk. Dette er årsaka til at babyar ikkje skal få kumjølk: Dei må ha protein, men for mykje protein kan verte ei belastning for lever og nyrer.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.