Politisk idéhistorie

Tese 16 

Jotunheimen er ein sakralisert nasjonalheilagdom.

Kyrkja i Jotunheimen (2032 moh.).
Publisert Sist oppdatert

Det var Aasmund Olavsson Vinje, ein av dei fyrste turistvandrarane i den norske fjellheimen, som døypte Jotunfjella for «Jøtunheimen». I det fyrste, overveldande møtet med dette fjellmassivet som steig opp «liksom kyrkjespir etter kyrkjespir», hadde han påkalla både «kyrkjor og prestar».

Som eg har gjort greie for i Da fjellet ble dannet (2018), vart Vinjes sakralisering teologisk autorisert av stud.theol. Jonas Dahl, som Den Norske Turistforening (DNT) sende inn i Jotunheimen på kartleggingsoppdrag i 1870. Det var ifølgje Dahl meir enn «den legemlige sundhed» som batt saman dei mange som søkte «den friske fjeldluft» – det var «naturens mægtige ånd» som fengsla dei.

«Norsk turistologi»

Teologistudenten skildra det han kalla ein «norsk turistologi», som gjennom åndeleg nærvær nærma seg ein norsk kristologi. Den ville naturen vart forvandla til eit metafysisk kultivert landskap. Naturen hadde vorte noko heimleg og Jotunheimen ein heilaggjord heim.

Student Dahl hadde lege ved Leirvatn, der DNT-hytta Leirvassbu etter kvart vart bygd, og han vart kjend med fjellet og fjellets fælslege velde. Men den framtidige teologen hadde funne frelsande ro i eit par fjelltindar innanfor synsvidda: «Kirken» (seinare Kyrkja), som raga opp «enslig og pyramideformig», og «Smørstabtind», som heva seg så slank og lett «som noget kirketårn». Dahl vart mint på Welhavens portrett av det eigentlege Noreg, «denne mægtige stenbygning» frå Nordkapp til Lindesnes, og for den teologiske kartleggjaren vart Jotunheimen «det allerhelligste».

Fjellriket

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement