Frå matfatet

Tine-ost i utlandet

Det er ikkje berre Jarlsberg som kryssar landegrenser.

Dei har det i USA: Tenk deg fredagstacoen med lefse laga av ekte Jarlsberg.
Dei har det i USA: Tenk deg fredagstacoen med lefse laga av ekte Jarlsberg.
Publisert Sist oppdatert

Kan nordmenn lage ost som utlendingar likar? Om den norske ostesjølvtilliten ikkje alltid har vore like god, har vi iallfall ingenting å skamme oss over no til dags: Førre veke gjekk VM i ost av stabelen i Wales, og av over 80 påmelde norske ostar frå 19 ysteri vart 44 ostar premierte med medaljar. Til lukke!

Mellom vinnarane var osten vi nesten tek for gjeve: Jarlsberg. Veit vi eigentleg at Jarlsberg er ei internasjonal merkevare? Ja, kanskje veit vi det litt no, etter heile historia om korleis forbod mot eksportsubsidiar førte til Tines etablering av meieri i Irland, eit meieri som har hatt sine utfordringar.

Jarlsberg går likevel sin gang verda over. Nyleg hadde Nationen ei sak om korleis Jarlsberg vert seld billegare i Sverige enn i Noreg: 109 kroner per kilo på svenske Willys mot 158 kroner på norske Meny, synte skjermbiletet.

Dette er likevel ikkje noko nytt. Eit raskt søk syner at Dagbladet hadde denne saka alt i 2016: «Derfor får du norsk mat til under halv pris i Sverige», skreiv Dagbladet då, og brukte mellom anna Jarlsberg som døme, saman med mellom anna posesupper frå Toro.

Norvegia i Sverige

Tollvernet skal ikkje få all skulda. Noko handlar sjølvsagt om produksjonskostnader, men som den glitrande matbloggaren Anders Nordstad gong etter gong har dokumentert: Prising av mat – og ei rekke andre varer, for den saks skuld – handlar ikkje fyrst og fremst om kostnader, men om kjøpekraft. Norsk mat er dyrare i Noreg fordi vi i Noreg tener meir og difor har råd å betale meir.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement