Frå matfatet
Tine og osten
Vi hippar for VM-medaljar, men hugsar at kvardagane framleis er viktigast.
Ostedømming: 4500 ostar var samla til VM i ost i Trondheim i oktober.
Foto: Elisabeth Fagerland
For eit par veker sidan var Noreg, representert ved Trondheim, vert for VM i ost. 4500 ostar frå heile verda var påmelde. Av dei minst fem variantar av fransk roquefort, 63 typar britisk cheddar og ikkje mindre enn 147 variantar av italiensk parmigiano. Og, midt i det heile: 293 norske ostar.
Hadde dei noko å stille opp med mot dei internasjonale kjendisane? Visst hadde dei det. Norsk ost – representert ved Gangstad Gårdsysteris Nidelven blå – vann jo heile sulamitten. Hurra!
Nidelven blå segla langt frå aleine på den norske medaljeferda. Premiering av ost fungerer slik at alle ostar som fortener gull-, sølv- eller bronsemedalje, får det. Til saman 2118 ostar fekk slik heider under World Cheese Awards i Trondheim. Av dei var 157 norske. Vidare får nokre utvalde supergull – i Trondheim vart det delt ut 101 slike medaljar. Åtte av dei gjekk til norske ostar.
Kraftkar frå Tingvoll ost fekk sitt supergull, det same gjorde ein seterost frå Brimi Seter og ein brun geitost frå Aalan Gard. Alle er dei på eit eller anna vis produkt av den småskala ysterevolusjonen som har gått føre seg her til lands dei siste par–tre tiåra. Mengda smaksmagi som er produsert her, er nesten utruleg.
Men det norske medaljedrysset trefte ikkje berre småskalaprodusentane. Den leiande meierivareleverandøren, Tine, har delteke i oste-VM tidlegare, men då mest med små osteproduksjonar som berre er tilgjengelege i horeca-marknaden. I år har dei tenkt litt annleis.
Tine melde på dei tre største, kommersielle brunostane sine – Fløytemysost, Gudbrandsdalsost og Geitost – og alle tre fekk gullmedalje. Det same fekk blåmuggosten Selbu Blå og kremosten Snøfrisk Kantarell. Ti Tine-ostar vi alle kjenner, fekk sølv- og bronsemedaljar, mellom dei Jarlsberg, Østavind og Gamalost.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.