Frå sjakkverda
Tidsline
GM Georgij Timosjenko.
Foto: Privat
Sjakkverda er lita. Eg følgjer ukrainske, russisktalande vener på sosiale medium. Mange er kjende stormeistrar (GM = grandmaster) frå ein av verdas fremste sjakknasjonar.
27. februar: GM Natalja Zjukova (42), Odessa: Eg er her, i Odessa. Eg blir her. Takk for støtta frå alle som skriv. Nok ein gong: Eg reiser ingen stader. Dette er jorda mi som eg skal verja til det siste.
28. februar: GM Georgij Timosjenko (55) grip til våpen for å verja fødebyen Kyiv. GM Pavel Eljanov (38), nummer 55 på verdsrankinga, mellombels i tryggleik etter sjølv å ha flykta frå Aust-Ukraina til Lviv i vest, publiserer eit bilete av kameraten.
28. februar: Den ukrainske landslagskapteinen GM Oleksandr Sulypa (49) grip til våpen og held vakt i Lviv.
2. mars: Sjakktrenaren Aleksej Druzjinets (47) døyr i kamp i byen Tokmak i Aust-Ukraina.
2. mars: GM Igor Kovalenko (33), topprangert i Fagernes-turneringa, som Lahlum arrangerer i påska i år, legg ut ein amatørvideo der han rapporterer frå Kyiv. Han blir verande i byen for å hjelpa brørne sine som har gripe til våpen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.