Frå historia
Tala
Greske Pytagoras (570–500 f.Kr.) var matematikar, filosof og astronom.Greske Pytagoras (570–500 f.Kr.) var matematikar, filosof og astronom.
Her om dagen reiste eg med T-banen i Oslo. Der sat ei lita jente, fire–fem år gammal. Ho hadde akkurat lært å telje. Med høg og entusiastisk røyst talde ho fingrane sine på venstre handa, medan ho peika på dei med den høgre. Ein, to, tre, fire, fem – ein, to, tre, fire, fem.
Ho var glad og gjorde lukke i vogna. Ho var på veg inn i den talverda vi vaksne lever i. Vi vassar i tal i sport, økonomi, vêr og vind, diett og vekt, kva som helst.
Micael Dahlén og Helge Thorbjørnsen gav i fjor ut Tallskalle, ei bok om tala i livet vårt og i historia.
Det eldste rekneskapsdokumentet vi kjenner, er frå Uruk i dagens Vetle-Asia. Det er rekneskap for tempelet der, og det er frå 3200 år f.Kr. Men det finst eldre funn, så kalla teljepinnar laga av bein, der menneske har skore inn hakk som kan lesast som tal. Dei eldste er over 40.000 år gamle. Det såkalla Lebombo-beinet vart funne i Swaziland. Det hadde 29 merke, og nokre hevdar at dei som laga det, var dei første matematikarane, afrikanske kvinner som brukte teljepinnen til å halde orden på menstruasjonssyklusen.
Og talsystema dukka opp. Tala kom frå Egypt, sa Herodot, den greske historikaren.
Vårt talsystem, vårt desimal- og posisjonssystem er hinduarabisk. Gjennom historia har dette systemet rydda seg ei hovudrolle mellom tala.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.