JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Ta med-pizza

Det er ikkje berre sjølve pizzaen som vert keisamare og meir firkanta av å verte seld på ein bensinstasjon.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eska er firkanta, men innhaldet rundt – av ein grunn.

Foto: Pxhere.com

4450
20201106
4450
20201106

Lytt til artikkelen:

Det var ein gong ein bensinstasjon. «De første bensinstasjonene var svært enkle», skriv sjølvaste Riksantikvaren: «De besto som regel bare av et fat, en håndpumpe og kanskje et lite skur der de som betjente pumpa kunne trekke seg tilbake.»

Slik var det nokre år, for dei fyrste bensinstasjonane kom på 1920-talet, men dei byrja ikkje å selje brus, pølser og bollar før under oljekrisa i 1970-åra. Og med det var døra opna på gløtt for eit tilsynelatande endelaust overflodshorn: Dei som jobbar på bensinstasjonar, kan ikkje nødvendigvis så mykje om bilar. Derimot kan dei selje alt frå kaffi til bakarvarer, burgarar med tilhøyr, bind og bleier, batteri, solfaktor, lysskye blad, babyolje – og siste skot på stammen: I samarbeid med Peppes pizza har 230 Circle-K stasjonar nyleg vorte pizzeriaer.

Peppes On The Go er, ifylgje produsenten sjølv, ein ny type Peppes pizza særleg tilpassa bensinstasjonar. Smaken skal vere den same – same pizzasaus med hemmeleg oppskrift, same eigne pepperoni, same (hevdar dei sjølve) legendariske rømmedressing. Det einaste er at han er litt meir firkanta i forma enn vi er vane med. Spør du meg, er det likevel ein viktigare skilnad enn produsenten vil ha meg til å tru – og det i så vel konkret som overført tyding.

Eit handverk, faktisk

Kvifor er pizzaer vanlegvis runde? Det hender jo ofte, i det minste når ein kjøper pizza frå ei meir uavhengig sjappe, at han ikkje heilt passar i eska – kantane må brettast opp litt for å få plass. Det verkar upraktisk, kanskje til og med litt uproft. Nett det skal likevel syne seg å vere om lag det motsette av sanninga.

Ein ting er at runde pizzaer blir jamnare steikte: Det er ingen hjørne å svi. Ein annan er at å lage pizza faktisk er eit handverk.

Og når du lagar pizza slik, med nevane, og du kan det, og du har laga den perfekte deigen av nett slikt mjøl som høver til slikt, og late han heve i mange timar, då brukar du sentrifugalkrafta for å forme den tynne, fine pizzabotnen – ja, du slenger han rundt i lufta nett slik dei gjer på film, fordi dette er den raskaste, mest skånsame, rett og slett beste måten å gjere det på. Då vert resultatet ein rund pizzabotn, og difor er pizzaen rund.

I Napoli, byen som har rykte på seg for å vere sjølvaste fødestaden til pizzaen, fins det framleis pizzabakarar – pizzaoili­ – som har kunnskapane sine frå generasjonar med tidlegare pizzaoiliar. Ein av dei, Ciro Salvo heiter han og er tredje generasjon pizzaoilo, fortel til organisasjonen Slow Food korleis familien har lært han gamle teknikkar for å lage deig, men òg å gje jobben respekten han fortener: «Ein av løyndommane bak heile tida å verte betre i denne bransjen er å leve yrkeslivet som ei kjærleikshistorie, der lidenskapen alltid er levande og sparkar frå seg.»

System utan lidenskap

Eg kan ikkje late vere å tenkje på Ciro Salvo når eg ser pizzastasjonen på Circle K. Ei firkanta form, ei vekt som nøye veg den rivne osten, og pølsene som kjem frå dei firkanta boksane ved sida av – og unge, alltid veldig unge, tilsette som spring mellom pizzastasjonen, pølsebua, hamburgargrillen, kaffimaskina, bakaromnen, softismaskina og det velfylte kjøleskapet med snus i alle smakar og storleikar. Di meir populær pizzaen er, di raskare må dei springe der bak disken som har alt.

Får dei tid til lidenskap? Nei, eg trur ikkje systemet er laga for det. Systemet er laga for effektivitet. Slik vinn ein pizzakampen. For pizzeriaen på hjørnet, som kan svinge deig over hovudet, men gjer det på det ordentlege restaurantkjøkkenet som ligg slik at kunden ikkje skal sjå det, han kan ikkje konkurrere på slik effektivitet. Han har ikkje ein app å legge inn bestillingar i, og det vert kanskje ikkje akkurat like mange ananasbitar på pizzaen kvar gong. Alle tenåringar og sjølv bestefar har automatisk høyrt om Peppes Pizza, men Antonios eller Victorias pizza kjenner dei ikkje til. Snart vil kanskje endå færre kjenne til dei, for det vert meir og meir Peppes og firkanta pizzabotnar som er kliss like overalt, og ingen har tid til lidenskap som sparkar ifrå seg på ein heilt vanleg torsdag med pizza til middag.

Er det ikkje trist? Eg tykkjer det er sørgeleg. Eg vil ikkje kjøpe pizza på Circle-K, kjenner eg. Pizzakokkar verda over fortener rett og slett meir respekt enn som så.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Å lage pizza er
faktisk eit handverk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis