Ta med-pizza

Det er ikkje berre sjølve pizzaen som vert keisamare og meir firkanta av å verte seld på ein bensinstasjon.

Eska er firkanta, men innhaldet rundt – av ein grunn.
Eska er firkanta, men innhaldet rundt – av ein grunn.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Det var ein gong ein bensinstasjon. «De første bensinstasjonene var svært enkle», skriv sjølvaste Riksantikvaren: «De besto som regel bare av et fat, en håndpumpe og kanskje et lite skur der de som betjente pumpa kunne trekke seg tilbake.»

Slik var det nokre år, for dei fyrste bensinstasjonane kom på 1920-talet, men dei byrja ikkje å selje brus, pølser og bollar før under oljekrisa i 1970-åra. Og med det var døra opna på gløtt for eit tilsynelatande endelaust overflodshorn: Dei som jobbar på bensinstasjonar, kan ikkje nødvendigvis så mykje om bilar. Derimot kan dei selje alt frå kaffi til bakarvarer, burgarar med tilhøyr, bind og bleier, batteri, solfaktor, lysskye blad, babyolje – og siste skot på stammen: I samarbeid med Peppes pizza har 230 Circle-K stasjonar nyleg vorte pizzeriaer.

Peppes On The Go er, ifylgje produsenten sjølv, ein ny type Peppes pizza særleg tilpassa bensinstasjonar. Smaken skal vere den same – same pizzasaus med hemmeleg oppskrift, same eigne pepperoni, same (hevdar dei sjølve) legendariske rømmedressing. Det einaste er at han er litt meir firkanta i forma enn vi er vane med. Spør du meg, er det likevel ein viktigare skilnad enn produsenten vil ha meg til å tru – og det i så vel konkret som overført tyding.

Eit handverk, faktisk

Kvifor er pizzaer vanlegvis runde? Det hender jo ofte, i det minste når ein kjøper pizza frå ei meir uavhengig sjappe, at han ikkje heilt passar i eska – kantane må brettast opp litt for å få plass. Det verkar upraktisk, kanskje til og med litt uproft. Nett det skal likevel syne seg å vere om lag det motsette av sanninga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement